Blomkålsuppe på termos
Lag suppa klar heime. Blomkål treng ikkje koka så lenge, han vert ferdigkokt på termosen undervegs.

Til 6 personar:

  • 1,5 blomkålhovud i små bukettar.
  • Blomkålen kokast eit par minuttar i buljongvatn (1 ss buljong til 1 liter vatn).
  • Lag jamning av omlag 50 g smør og 3 ss kveitemjøl.
  • Spe med 3 dl buljongkraft og tilset 5 dl mjølk.
  • Rør til du får jamn væske før du har blomkålen i att.
  • Smak til med salt og pepar.

Ha på termos, helst med litt stor opning.
LES OGSÅ: Kokebok til turfolket

Spesialburgar
Viss du vil laga hamburgarbrød sjølv kan du bruka denne oppskrifta:

  • 400 g mjøl (halvparten grovt og resten fint)
  • 1 pk tørrgjær
  • 0,5 ts salt
  • 2,5 dl mjølk
  • 2 ss rapsolje

Bland det tørre og ha i fingervarmt mjølk og smør. Elt deigen godt, hev deigen i ein time før du trillar ut og klappar bollane flate til hamburgarbrød.Hev vidare i 45 min før du steiker dei i 10 min på 225 grader midt i omnen.

Om du ikkje vil laga brød sjølv så kan du bruka polarbrød eller kjøpte hamburgarbrød. Smør undersida av toppen inn med ketsjup eller anna tomatsaus. Botnen dekkar du med ein saftig salat.

LES OGSÅ: Turka turmat

Salat til 6 burgarar:

  • 2 raspa gulrøtter
  • 2 raspa eple
  • 3 ss rømme
  • 1 ss tytebærsyltetøy
  • salt og pepar

Det kan vera lurt å leggja blandinga i ei sil i ti min slik at det kan renna av seg før du legg salaten på burgarbrødet.

Brøda med tomatsausen og salaten legg du saman. Så kan du leggja brøda inn i foliepakkar, slik at dei er enkle å ta med seg og varma opp.

LES OGSÅ: Fireretters gourmet

Burgarane:
Bruk kjøtdeig, karbonandedeig eller farse av viltkjøt.

  • 6 burgarar:
  • 800 g kjøtdeig
  • 2 ts salt
  • litt pepar
  • 1 dl mjølk

Om du vil kan du ha i litt chili, kvitlauk, finhakka sylteagurkar eller raudbetar. Bacon og ost er perfekt tilbehør

Om det er mange minus ute kan det vera lurt å steika burgarane på førehand i heimen. Då kan du berre fresa dei litt i panna for å få dei godt varme. Om påskesola steiker kan du godt ta med kjøttdeigen i ein klump og steika burgarane heilt ferdige ute på tur.

LES OGSÅ: Ferske scones med brie og bringebær

Vaflar på bålet
Om du vil «juksa» litt sel Toro no ferdig vaffelrøre på pose med skrukork. Elles er dette ei god grunnoppskrift: 

Til 6 personar:

  • 4 egg
  • 6 ss sukker
  • 100 g smelta smør
  • 3 dl mjølk
  • 1 dl surmjølk
  • 5 dl kveitemjøl
  • 0,5 ts natron
  • 0,5 ts kardemomme 

Rør sukker og egg til ein luftig masse, før du har i resten av ingrediensane og vispar godt i hop. Du kan også gjera din eigen vri med litt kanel eller raspa sjokolade i røra.

Røra er lurt å laga på førehand og då kan du ha blandinga på ei tom flaske. Er det kaldt ute kan det vera lurt å ha røra på ein termos eller ha flaska med røra på innsida av jakka ei stund før du set i gang.  

Vaffeljern til bål kan du kjøpa i utvalde friluftsbutikkar eller på nett. Du kan også sjå etter dei fine gamle på bruktbutikken. Legg jernet inn i bålet ei lita stund for å få god varme. Test med ein smørklatt - den skal smelta fort, men verken ta fyr eller verta brun med ein gong, då er jernet for varmt. Trening gjer meistar, det er berre å prøva seg fram.  Passar perfekt til kaffien eller ein kopp med kakao.

LES OGSÅ: Kaffislabberas 

 

Sigrid Henjum

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard, Antarktis og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort møte henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden. Turkokeboka Et Ute får du kjøpt her!