Soppen veks oftast på eldre bjørketre og ser litt som ei stor skurve eller skorpa. Den kan sjå ut som trekull, heilt svart og oppsprukken.
Knekk du av ein bit med hendene eller med kniv ser du at soppen er gyllenbrun inni, med små kvite marmoreringar.
Når du er så heldig å finne eit tre med chaga, må du ikkje ta alt. Lat noko vera att så veks det sakte ut meir.
Av soppen lagar ein te eller varm drikke som kan drikkast som han er, eller du kan ha i litt honning eller sitron.
Avhengig av styrken smakar chaga litt som svart te eller svak kaffi.
Chaga skal innhalda store mengder antioksidantar og vert kalla kreftkjuke fordi det skal førebygga kreft.
Om det stemmer veit eg ikkje, men det er ein naturleg god drikk, som du først kan bruka tid på å leita etter, hausta frå naturen og seinare nyta som varm drikka.

MOTSTANDSDYKTIG: Chaga er ein knudrete sopp som veks på bjørk, og den er den kraftigaste, naturlige antioksidanten vi kjenner. Ein reknar med at funksjonen til sopppen er å dekke over ein skade på treet. Chaga finst over heile landet. Foto: Sigrid Henjum
Slik gjer du:
Skjer av chaga i store eller små klumpar som du får av, la det vere igjen slik at den kan få vekse vidare.
Kvern klumpene på ei mandelkvern, kjøttkvern eller ein gammal foodprosessor.
Det er hardt, så ikkje bruk den nye fine kjøttkverna, det kan gå hardt utover knivane. Gå heller på loppemarked eller i kjellaren til mor og finn ei gamal mandelkvern.
Etter malinga ser det ut som ein blanding av koke- og filterkaffi. Lat alt tørka i minst 24 timar, strødd ut over eit bakepapir til dømes.
Ferdig kverna og tørka chaga lagrar du på eit tett glas eller behaldar. Eg brukar omlag ei t-skei til ein stor kopp. Nokre meinar at chagaen bør kokast, andre meinar det er tilstrekkeleg å trekka pulveret i heitt vatn.
Ein anna metode, som er meir skånsomt for kjøkkenutstyret, er å koka heile klumpar. Dekk klumpene med vatn og la det koka under lok i 2-3 timar.
Då får du eit konsentrat som du kan blanda ut med 1:4 delar kokande vatn eller til ynskjeleg styrke.
Drikk chaga rett frå termosen ute på tur eller set kaffikjelen på bålet, denne gongen med chaga!
Lenge leve trua og god chaga-jakt!
Sigrid Henjum er UTEs turmatekspert. I tillegg driver hun Sogndal Lodge, er turguide og bor på et småbruk i Sogndalsdalen. Siste bok: Et Ute