Raske scones passar fint til sein frukost på søndagen, til lunsj eller til kveldsmat. 

Ingrediensane har du med deg i ein liten brødpose, og vatnet tilset du når du er klar for å laga scones.

Scones til 3 personar: 

  • 100 g kveitemjøl

  • 100 g grovbakst

  • 60 g havregryn

  • 25 g solsikkefrø

  • 20 g linfrø

  • 1,5 ts bakepulver

  • litt salt

  • 1 ts sukker

Når du er klar for ferskt brød, bland i ca. 2 dl vatn til ein tjukk graut i ein bolle eller kjele.

Bruk ei god teflonsteikepanna, ha i godt smør og legg ca. 1,5 cm tjukke leivar i panna. Skru ned varmen og bruk gjerne lok på. God steikeskorpe er godt for songstemma, men du kan setta av panna litt om det vert for heitt.

Steik i cirka 6 minutt på begge sider, og del ein scone for å sjå om han er steikt inni.

Smør som smeltar på heit bakst, lunken brie frå steikepanna og friske bringebær.

Denne oppskrifta kan varierast i det uendelege. Med ca. 1 dl raspa eple eller gulrot, ein mosa banan, kanel i røra, eller du kan erstatta grovbaksten med kveitemjøl og litt meir sukker, så vert det dessert. 

Sjekk også korleis du kan bake brød på kajakktur!   

Sigrid Henjum er UTEs faste turmatekspert. Flere av oppskriftene er samlet i boka Et Ute