/ Turmat

Energikake med frukt og honning

Dette er ei nydeleg kake som held seg lenge, ho vert faktisk berre betre med tida. Det er mogleg å eta kaka sjølv om ho frys ute på tur og det er mange kaloriar i kvar bit. Perfekt pausemat når du er på langtur.

Sist oppdatert: 15. desember 2022 kl 00.00
TURKAKE: Energikake med frukt og honning. Foto: Sigrid Henjum
TURKAKE: Energikake med frukt og honning. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

I blant kan det være vanskelig å få i seg nok energi i forhold til all energien du brukar.

Denne kaka smakar like godt, sjølv på dag tre eller fire..

Dette treng du

Kakefyll

  • 250 g rosiner

  • 12 tørka aprikosar

  • 10 tørka fiker

  • Omlag 80 g tørka og søta tranebær

  • Omlag 3 dl appelsinjus til blautlegging over natta

Del frukta opp i små bitar før du legg dei i appelsinjusen. 

Bruk om lag 0,5 dl av jusen i røra. Resten kan du drikka opp! 

Deig 

  • 250 g romtemperert godt smør

  • 3 dl honning

  • 1 dl brunt sukker

  • 4 egg

  • 4,5 dl speltmjøl (kan bli erstatta med glutenfritt eller vanleg kveitemjøl)

  • 2 ts bakepulver

  • 1 ts malt ingefær

  • 1/4 ts malt pepper

  • 1/4 ts malt nellik

Bland desse ingrediensane godt saman til ein deig. Tilset fruktbitane og litt av jusen og ha i dei to siste ingrediensane:  

 
  • 4 ss korinter (sylta sitrusskal)

  • 150 g pekannøtter

Ha røra i to brødformer med bakepapir i botnen. Steik dei på 160 grader på nederste rilla i omlag 60 min. Avkjøl og skjer i passelege skiver. Pakk dei inn kvar for seg i matpapir, så har du ei kaka i kvar lomma. 

God tur! 

Flere turmatoppskrifter

Turmat

sigrid henjum_ute_anne vollaug

Sigrid Henjum er UTEs faste turkokk. I tillegg driver hun Sogndal Lodge, er turguide og bor på et småbruk i Sogndalsdalen. 

Publisert 8. januar 2019 kl 12.37
Sist oppdatert 15. desember 2022 kl 00.00
 

Relaterte artikler

 
indisk turmat
Turmat - middag

Indisk linsegryte

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikk-mat på tur

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen