/ Turmat

Solbærtoddy med ingefær – og andre styrkedrikker

Solbærtoddy, varm eplemost eller luksuskakao? Her får du mange gode alternativer til kaffe eller te på tur.

Sist oppdatert 4. desember 2019 kl 12.30
Foto: Sigrid Henjum
Foto: Sigrid Henjum

Varm drikke på termos kan vera god fyrstehjelp om nokon er på veg «i kjellaren» eller held på å frysa i hel. Men fyrst og fremst knyter me termosen til tur-kos. Og kos på tur er viktig!

Her skal du få nokre gode tips på kva du kan byta ut tam te og sur kaffi med. 

Varm eplemost med kanel

Høyres avansert ut, men er ikkje det. Kjøp eplemost hjå ein lokal forhandlar eller gå på ein økobutikk i by´n. Den beste er ikkje silt,og ser «uklar» ut. Ha passeleg mengde i ein kjele og tilsett ei kanelstang. La dette trekka så lenge du har tid til, 10 minutt er nok, men det skal ikkje koka.

Om du vil gjera det litt avansert kan du ha i heile kardemommekapslar, ilag med kanelstanga. Nydeleg smak!

  • Eplemost

  • Kanelstang

  • Eventuelt heile kardemommekapslar

Solbærtoddy med ingefær

Denne varianten er enkel, men utruleg god!

Lerums solbærsirup

Fersk ingefær (2 skiver à 2 mm på 1 liter drikke)

Kokande vatn

Foto: Sigrid Henjum
Foto: Sigrid Henjum

Ha i ein firedel med Lerums solbærsirup på termosen, tilset kokande vatn, og ha tilslutt i to skiver med fersk ingefær. Skivene med ingefær skal berre ligga oppi og godgjera seg medan du baskar i snøen.

Ingefæren gir ein skarp og fin smak på solbærtoddyen, i tillegg til at ingefæren er kjend for å ha lenkjande effekt både på kvalme og forkjøling. Om du skal ut i mange kuldegrader, kan det vera lurt å varma sirupen opp i lag med vatnet slik at alt er kokande når du heller det på termosen.

Kakao med luksus i

Luksuskakao dreg du opp av sekken når mistemann har gått laaangt og treng ekte «bensin» på motoren, eller du vil imponera turfølget.

  • 1 liter mjølk(H-mjølk er best)

  • 100 g kokesjokolade

  • Ei halv teskei vaniljesukker

  • Nok marshmallows!


Ha litt mjølk i ein kjele, i lag med ei plate kokesjokolade (lys eller mørk alt etter kva du likar best, mjølkesjokolade går òg fint), og smelt sjokoladen medan du rører rundt. Ha i resten av mjølka, 1 liter mjølk er passeleg til ei 100 g sjokoladeplate. 

Ei halv teskei vaniljesukker gir god smak. Ha kakaoen på termosen. I ein liten pose tek du nokre marshmallows(amerikansk sukkersnop), som du får kjøpt på bui. Når du kjem fram tek du to slike mini-rundballar, legg dei i koppen og heller kakaoen over. Sukkersnopet vil då løysa seg litt opp og bli som skum på toppen. Luksus!!

Sigrid Henjum sitt heksebrygg

Heksebrygg lagar du når kompisen seier han er litt forkjøla og ikkje kan bli med på skitur.

Då seier du at det kan han, for du har laga noko han blir frisk av! Det smakar godt, og viss ein trur nok på det, vert ein frisk av heksebrygget. Eg har vanlegvis oppi på slump, men her skal du få ei slags oppskrift:

  •  1 liter vatn

  • ½ sitron

  • 1 ss honning

  • ½ fersk chilli

  • 2 skiver fersk ingefær

Om den sjuke er litt kresen kan du vera grei og ha oppi litt solbærsirup, litt eplemost eller litt heimelaga saft om du har.

Kok opp vatnet, ha oppi alle ingrediensane og la dei trekka i vatnet som nesten skal koka. Skjer av to sitronskiver og ha i. Skvis resten av sitronsafta opp i brygget. Trekk i minst 15 minutt, sil av, fyll i termosen og server med god tru.

Turekspertens tips

• Vask termosen godt, gammal kaffi-smak er ikkje digg. Maskinoppvaskmiddel er tingen, hugs å skylle godt.

• Hald termosen opp ned, rist godt og ver sikker på at han ikkje lek. Elles vert det krise i sekken!

• På ekte kalde turar kan det vera lurt å legga termosen inni dunjakka i sekken for å halda ekstra på varmen (då må du vera heilt sikker på at han ikkje lek!).

• Er du usikker på om termosen din er god? Fyll han med kokande vatn, skru godt att, set han i frysen over natta, og sjekk neste morgon. Er det framleis lunk er det godkjent. Er vatnet iskaldt –  kjøp deg ein ny.

Vis mer

Sigrid Henjum

12-50-12_200px

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort møte henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden.

Publisert 4. desember 2013 kl 12.30
Sist oppdatert 4. desember 2019 kl 12.30
annonse
Relaterte artikler
in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikkmat

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

annonse
mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

kebab på bålet matt skuse villmarkingen turmat
VILLMARKINGEN

Kebab på pinne

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen