/ Turmat

Søte havreboller

Ein svensk havrebolle gir deg 120 kaloriar. Det kan ta deg opp siste biten av eit fjell eller bakke når du eller nokon i turfølget er i ferd med å gå i kjellaren.

Sist oppdatert: 23. desember 2023 kl 07.00
svenske havreboller med dadler
SVENSKE HAVREBOLLER: Det kan være mykje god kraft i ei lita kule eller tre. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

For å gå opp på Gullmundstinden i Bergsfjord (Loppa), treng du minst åtte slike havrebollar.

Gullmundstiinden er på 947 moh. og det vert påstått at du kunne sett heilt til Grønland, om det ikkje hadde vore for jordkrumminga.

Bruk denne oppskrifta til inspirasjon på turar du veit at det kan bli nødvendig med litt kjapp og effektiv energi. Søte, svenske havrebollar lagar du dagen før tur.

Oppskrift på svenske havrebollar

12-15 stk

100 g Kviteseid-smør (eller anna ekstra salt og godt smør)

5-8 dadlar (kjem an på storleiken)

3 dl økologiske havregryn (meir konsistens med store, og er lettare å få i seg enn store havregryn)

2 ss honning 

3 ss kakao

6 ss kokosmasse

3 ss sterk kaffi

Smelt smøret i panna og ha i dadlane.

La dei ligga litt i smøret, slik at det vert lettare å mosa dei med ein stavmiksar. Det skal verta ein brun, jamn masse når du er ferdig.

Ha i resten av ingrediensane og bland godt saman. Klem massen saman til små ballar (som små golfballar) og rull dei til slutt i kokosmasse.

Set dei i kjøleskapet nokre timar slik at dei vert harde.

Ta med på fjelltur og trening så kan du springa lenger!

Sigrid Henjum er fast turmatspaltist i utemagasinet.no. Her finn du fleire oppskrifter.

Publisert 30. mai 2023 kl 09.41
Sist oppdatert 23. desember 2023 kl 07.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen