/ Turmat

Havrebar som tursnacks

Dette er mykje kaloriar i ein liten bar med smak av havre og peanøtter. Det er også mogleg å variere med sjokolade, forskjellig tørka frukt og andre nøtter. Her får du ein velprøvd oppskrift

Sist oppdatert: 27. mars 2025 kl 11.51
havrebar energibar turmat
SØTT LOKKEMIDDEL: Å vera sliten og trøytt, vita at det er langt att til toppen, men så å komma på at du har noko utruleg godt i sekken eller lomma. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 1 minutter

Ei påliteleg kjelde, Siri Helle, forfattar i Dag og Tid, seier at økologiske havregryn verkeleg er forskjellig frå vanleg havregryn. Det har eg tiltru til og tilrår difor økologiske havregryn av klima- og helsemessige årsakar.

Eg har brukt tranebær og cashewnøtter i denne energibaren. 

Oppskrift

9 dl store økologiske havregryn

200 g sukker

3 egg

3 eggekvitar

1 glas (350 g) peanøttsmør

120 g tranebær/cashewnøtter eller sjokolade

Framgangsmåte:

Visp dei 3 eggekvitane stive og tilset dei andre ingrediensane i ein stor bolle.

 

Bland alt saman med ei sleiv eller miksmaster. Hell deretter røra på bakepapir i ei passeleg form, alt etter kor tjukke du vil ha barane.

Her kan du bestemma korleis du vil ha barane dine.

  1. Steiker du «kaka» 3 centimeter tjukk, vert barane mjuke bitar i plastfolie.

  2. Steiker du ho 1 centimeter tjukk, vert barane sprø barar i matpapir. 

Steikast på 160 grader i 25-30 minutt. 

Stao pao!

Denne saken er skrevet av
Sigrid Henjum
Sigrid Henjum har vært turmat-spaltist i UTE i mange år. Siste bok: Et meir ute.
Quesedillas på primus
Les også

Publisert 27. mars 2025 kl 11.49
Sist oppdatert 27. mars 2025 kl 11.51
 

Relaterte artikler

 
iungsdalshytta skarvheimen vinter
Guide til mat på vintertur

Mat på vintertur

barnevennlig turmat
Barnevennlig turmat

Turmat som barna liker

turmiddag
3 enkle turmiddager

Enkle turmiddager

chaga som kaffe
Turmat - sanking

Gå på chaga-jakt

kantarell skogens gull
Turmat - sanking

De beste matsoppene

KAKE PÅ TUR: Denne varianten  kan like godt lagast ute. Foto: Sigrid Henjum
Turmat – dessert

Lage kake på primus

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen