Retten er inspirert frå ei reise til Nepal, der dei serverar det meste så sterkt krydra at sarte nordmenn sveittar i panna. Nøttene er perfekt som vinterturmat der du treng all den varmen du kan få.
Bruk peanøtter, helst rå utan salt. Du kan også bruka cashewnøtter eller pistasjnøtter.
Bland i det du vil, men det fungerar fint med berre nøtter og krydder og. Her er retten slik han vart servert i Nepal. Knallgodt!
- 200 g rå peanøtter 1/4 raudlauk
- 1/2 gulrot
- 1/4 paprika
- 1/4 agurk utan skal i bitar
- 1/4 chili utan frø (kjem an på styrken) 1/4 ts salt
- 1 ts garam masala-krydder
- 1 ss olje til steiking
Garam masala-krydder får du kjøpt på asiabutikkar, eller du kan laga det sjølv. Ha olje i varm steikepanna og ha i alle ingrediensane utanom krydderet. Fres godt i 5 min før du har i salt og masalakrydder. Server straks med ein god anker dram og rikeleg med vatn.
Se her for flere inspirerende oppskrifter på turmat.
OPPSKRIFT PÅ GARAM MASALA-KRYDDER
40 grøne kardemommekapslar 10 svarte kardemommekapslar 20 nellikspikar
- 4 ss malt kanel
- 7 ss malt spisskummen 3 ss korianderfrø
- 1,5 ts svart pepar
- 1,5 ss fennikelfrø
Varm alt i ei steikepanna til det luktar godt og kryddera er heilt tørre. Avkjøl og knus alt i ein stor morter (eller bruk baksida av ei sleiv i eit stort glas). Fjern skalet på kardemommekapslane og lagra krydderet på eit tørt og tett glas.
Sigrid Henjum
Sigrid er UTEs faste turmat-spaltist, som også har resultert i den populære turkokeboka Et Ute. Sigrid driver Sogndal Lodge & Guiding og jobber som både kokk, foredragsholder og turguide. Hun har blant annet padlet kajakk rundt Nordaustlandet og gått på ski over Grønland.