Byggryn gir litt tyggemotstand og mykje god næring. Ein fin variasjon til havregraut eller anna turfrukost! Det einaste er at byggryna treng litt ekstra koking eller bløytlegging. Ingen problem på tur! Du tek gryna i panna om det er plussgrader ute, eller på termosen om det er minus, kvelden før.

Då er grauten ferdig på fem minutt morgonen etter.