/ Turmat

Slik lager du bjørkesaft - Gudedrikken

Det er om våren det skjer i skogen – trea vert fylt med kraft, før alt skal eksplodera i grønt. Lær deg å tappe bjørkesaft.

Sist oppdatert: 7. mai 2022 kl 07.00
SAFT: Bjørkesafta kan du drikka som han er, i bakverk eller koka inn til sirup. Sirupen er nydeleg på is, på ost, i teen eller på pannekakene. Foto: Sigrid Henjum
SAFT: Bjørkesafta kan du drikka som han er, i bakverk eller koka inn til sirup. Sirupen er nydeleg på is, på ost, i teen eller på pannekakene. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Gudedrikk vert dei søte og friske dråpane frå bjørka kalla.

Bjørkesaft er full av C-vitamin og naturleg sukker. Bjørkesaft tappar du no før bjørka sprett heilt ut på våren. Bjørka delar villig av væska si, berre hugs å setta propp i treet når du er ferdig slik at treet ikkje turkar ut.

Finn deg ei bjørk som har litt tjukkelse på stammen, og bor deg eit hol med ein drill, driven av hand eller straum. Bor eit hol som går eit par centimeter inn i treet, med vinkel som heller nedover.

Det er mange måtar å gjere det på, men eg spikkar av barken på ei tynn grein, som eg så set inn i holet for å føra dråpane ned i flaska. Rett under holet lagar eg eit hakk i borken, slik at flaska kan settast inn mot treet.

For å halda flaska på plass tek eg hyssing  og surrar rundt flaska og treet fleire plassar. Om det drypp friskt frå treet tek det ikkje mange timar før flaska er full.

Du kan og kutta av endane på ei frisk grein, ha ei flaska over endane og knyta på hyssing som gjer at greina bøyer seg nedover. 

Finn flere oppskrifter på turmat

For å proppa treet etter tapping tek du ei grein som er like stor som holet, og pressar på plass. 

Bjørkesafta kan du drikka som han er – ho smakar best avkjølt. Du kan òg nytta safta i bakverk eller koka inn til sirup. Sirupen er nydeleg på is, på ost, i teen eller på pannekakene.

Varighet på bjørkesaft

Safta held seg omtrent ei veka i kjøleskap. Eller du kan fryse ho ned i isbitposar som du bruker til friske drinkar eller i smoothien seinare. 


Bjørkesirup

Ha bjørkesafta i ein kjele og kok inn på svak varme til det berre er att 1/3, eller til sirupen er brun i fargen og har fått sirupkonsistens. 

Kald vårdrikk

Kald bjørkesaft med litt pressa sitronsaft. Nyt naturen! 

Varm vårdrikk

Varm opp (ikkje kok) bjørkesafta med litt heil kanel og ingefær – det vert den beste helsedrikken!

Publisert 16. april 2019 kl 07.30
Sist oppdatert 7. mai 2022 kl 07.00
annonse

Relaterte artikler

kantarell skogens gull
Turmat - sanking

De beste matsoppene

chaga som kaffe
Turmat - sanking

Gå på chaga-jakt

indisk turmat
Turmat - middag

Indisk linsegryte

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

annonse
boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen