/ Turmat

Lag din egen tursjokolade og turkjeks

Kjeks og sjokolade er det alltid plass til i tursekken. Få oppskrift på turgodt som du kan lage selv.

Sist oppdatert: 25. april 2023 kl 10.30
tursjokolade
PRØV SJØL: Sjokolade gir kjapp energi og smakar alltid godt på tur. Ha i nøtter og tørka frukt som du likar. Foto: Gunhild Aaslie Soldal
Lesetid: 2 minutter

Når kulda sett inn og kveldane vert lange, kan du svinga deg på kjøkkenet for å laga tursnop.

Smakfulle kjeks og sjokolade med det beste du veit av frukt og nøtter er fint å ta med seg på tur.

Ikkje berre smakar det godt, det er også supert å gi som gåve til turkompisen.

turkjeks
TIL TURKOSEN: Det passar som regel alltid på tur. FOTO: Sigrid Henjum

Kjeks med cashewnøtter og sjokolade

180 g smør

1,5 dl sukker

1,5 dl brunt sukker

3 egg

1,5 ts natron

1 ts ekte vaniljesukker

3,75 dl rugmjøl

2,5 dl cashewnøtter

200 g sjokolade

Skru omnen på 180 grader og finn fram ein stor bolle til å blanda i. Rør mjukt smør og sukker saman før du ha i egga. Visp godt saman før du har i dei tørre ingrediensane. Hakk nøter og sjokolade i små bitar og bland alt godt saman. Bruk ei lita spiseskei til å forma små kuler på eit bakepapir med litt mellomrom. 16 kjeks går på eit vanleg bakebrett. Steik dei midt i omnen i omlag 10 minutt. Vil du ha dei sprø, kan du ha dei lenge på ei avkjølingsrist og gjerne innatt i omnen berre på varmluft. Eg tykkjer desse kjeksa er best når dei er litt mjuke, og då har eg dei i ein tett boks rett etter at dei er avkjølte.

Prøv også å lage energibarer som ikke fryser eller natronkaker på bål

Hjemmelaget fruktnøtt

hjemmelagd sjokolade fruktnøtt
SØT OVERRASKELSE: Fruktnøtt med personlig vri. Foto: Gunhild Aaslie Soldal

Egenkomponert fruktnøtt kan være litt av en overraskelse til turvennene dine.

120 g nøtter (til dømes macadamianøtter, valnøtter, mandlar og tørka tranebær) 

Tørka tranebær

400 g mørk sjokolade (til dømes Odense mørk chokolade 70 %)

1 ts kokosfeitt eller smør

Finn fram ei stor brødform og kle med bakepapir.

Strø nesten alle nøttene og tørka frukt i botnen.

Varm sjokolade og feittet i eit vannbad (kokande vatn i ei panna, ein metall/glasbolle oppi), til det er heilt flytande.

Hell over nøttene og frukta og strø til slutt dei siste nøttene på toppen som pynt.

Nytast i kald, skarp friluft saman med varm epletoddy eller kaffi.

Turmat

10-18-17_lightboxorg

Sigrid Henjum er UTEs faste turmatekspert.

Publisert 7. november 2018 kl 10.29
Sist oppdatert 25. april 2023 kl 10.30
annonse

Relaterte artikler

annonse
in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen