«Skattekista» er ein foliepakke der ungane får laga sin eigen blanding.
Her er eit eksempel med grønsaker og laks:
Ingredienser
Potet
Gulrot
Laks
Purre
Smør og evt litt rømme eller fløyte
salt og pepar
Regn 1/2 stor potet, 1 gulrot, 5cm purre, 100g laks og 10 g smør per barn.

Skjermbilde 2017-08-22 kl. 13.12.31
La ungane få skrella, dela opp og fordela ingrediensane i foliepakkar, før dei legg dei på bålet.
Når fisken deler seg er det ferdig. Pass på at potetbitane vert nokså små slik at dei rekk å verta ferdige.