/ Turmat

Lage kake på primus

Denne deilige kaka med kjeks og bær kan du fint lage i turpanna!

Sist oppdatert: 25. august 2021 kl 07.30
KAKE PÅ TUR: Denne varianten  kan like godt lagast ute. Foto: Sigrid Henjum
KAKE PÅ TUR: Denne varianten kan like godt lagast ute. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Dette er ei sesongkake fordi ein kan bruka akkurat kva ein vil av frukt og bær, alt etter sesong. Er det ingen sesong, finn du bær i frysen eller i butikken.  

Sesongkake:

  • 120 g knust søt kjeks, Digestive eller Gjendekjeks

  • 200 g naturell kremost, gjerne Snøfrisk

  • 50 g smør

  • 150 g sukker

  • 3 egg

  • 2,5 dl rømme

  • 1/2 ts naturleg vaniljesukker eller frø frå ei halv vaniljestang

  • 100-200 g bær eller frukt, som tyttebær, blåbær, rabarbra, multer eller bjørnebær

Tips: Du treng ei steikepanne med høg kant. Kovea har ei god panne til formålet. 

Bland bær eller frukt med halvparten av sukkeret og sil av litt væske viss det skiller seg. Ta vare på væska og bruk som saus i tilfelle. Knus kjeksen og trykk det godt i steikepanna. Er du ute, kan du varme smøret opp i steikepanna først og så knusa kjeksen oppi.

Varm opp kjeksen og ha i ferdig fyll blanda med bær. Spar litt bær til pynt på toppen. Pisk egga og halvparten av sukkeret saman til ei luftig blanding. Ha i rømme og kremost og visp godt saman. Rist kremfløyten i ei literflaske til krem og bland forsiktig med resten av blandinga. Til slutt har du i bæra eller frukta.

Bruk ei steikepanne med høge kantar, med omlag 18 cm i diameter. Du må ha eit lokk som passar til steikepanna. Varm opp steikepanna med kaka fleire gonger med så låg varme som du kan. Fortsett med det heilt til du ser at kaka og blandinga ser litt stivare ut.

Det gjer ikkje noko om kaka er litt dissete i midten. La kaka avkjøle seg litt før du serverer, så blir ho litt stivare. Server kaka med litt bær og frukt som pynt. Passar det kanskje med ein god kaffi eller eit stettglas med boblar?

Ta festen ute!

Publisert 25. august 2021 kl 07.30
Sist oppdatert 25. august 2021 kl 07.30
annonse
Relaterte artikler
indisk turmat
Turmat - middag

Indisk linsegryte

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

annonse
blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen