Bror min er innom berre for å fortelja at han (i dag og) skal ut på ski. Han har ordna seg fri frå jobb og soli skin.

Sjølvsagt må dagen utnyttast! Han er kjapt innom meg berre for å henta noko, han har ikkje tid til å høyra om mine heimelege prosjekt.

For eg er nemleg sprenggravid, immobil og godt misunneleg på han som skal ut på ski. Han skal opp 800 meter, det er meldt sol i mange dagar framover. Der ventar ei lita køye me disponerer. Kjenner eg han og kompisene blir det nok ikkje kortspel i fokus, det blir å finna linjer, køyra på, gønna på

– Ke ska du ha med deg å eta, spør eg. 

– Holsens sop i hop, svarar han, og bablar om svinekjøt, egg og tacokrydder. 

Hm, egg og tacokrydder? Eg vert nyfiken.

Bror min bur rett oppi bygdi, så eg stikk innom med kamera og får smaka litt. Det var knallgodt!

Han pakkar raskt matpakkane til seg og kompisene i sekken og fartar avgarde. Maten laga han verkeleg på 5 minutt.

Så dette er maten for deg som likar digg, rask og mettende mat – som du eigentleg ikkje har tid til å laga, for du skal ut å nyta sol og sløsj.

Oppskrift til 3 personar (to lefser til kvar)

  • 500 g strimla svinekjøt 

  • 3 egg

  • 1 pose tacokrydder

  • Ost (valfritt, om lag 50 g parmesan og  100 g Jarlsberg er godt)

  • Brun først svinekjøtet (du kan bruka anna kjøt) på steikepanna. Hiv oppi 3 egg og rør raskt rundt. Tilset krydderet, rasp oppi litt parmesan ost og sleng på nokre skiver med anna ost. Rør alt saman til ein brun masse.

  • Ha klar 6 lefser på kvart sitt ark med aluminiumsfolie eller anna innpakningspapir. Fordel massen frå steikepanna på lefsene.

Oppi kvar lefse:

  • 1 ss solturka tomat i olje

  • Nokre bitar med hermetisk ananas 

  • 1/6 paprika i strimler

  • Eit par cherrytomater 

  • Nokre blad grønsalat

  • 1 ss tacosaus av valfri styrke 

  • 1 ss rømme om du vil eller har

God tur!

SOP I HOP

HOLSEN

«Sop i hop» er sognamål. Med det meinar me berre å ha i saman det du har for handa. Holsen er ein kompis av bror min.