/ Turmat

Et slags Logan-brød

Dette brødet vart laga ein gong nokon skulle på fjellet Logan (5959 moh.) i Nord-Amerika. Dei trengte eit næringsrikt brød som kunne halda seg lenge. 

Sist oppdatert: 28. juni 2025 kl 06.00
LOGAN-BRØD: Solid energi på tur. Foto: Sigrid Henjum
LOGAN-BRØD: Solid energi på tur. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Det er mange variantar av dette brødet. Du ha kan i mange ulike ingrediensar, som nøtter, frø, frukt og sjokolade. Også «supermat» kan blandast i, som accai, hamppulver eller goji-bær. 

Her har eg laga ein variant som eg testa ut på skitur på Svalbard, og det smaka like godt etter seks dagar.

Brødet kan verta noko tørt, men om du et det i lag med suppe eller varm drikke fungerer det fint. 

Ingrediensar

750 g samalt grovt kveitemjøl

250 g sammalt fint mjøl

100 g fint spelt eller kveitemjøl

200 g mandelmjøl

200 g kokosmasse

200 g tørka fiken

100 g solsikkefrø

 

150 g tørka tranebær

300 g salte macadamia, mandlar, cashew og peanøtt mix

150 g kokesjokolade

1/2 liter mjølk

200 g honning

200 g smør

0,5 dl raps olje

200 g Loganbrød og ein kopp med varm drikke gir deg 750 kaloriar 

– Då er du rusta til å gå heilt fram til Klemsbu frå Finse på ski. Ta med noko ekstra mat i lomma tilfelle dei ikkje sel vaffler på Klemsbu nett denne dagen. Håpar du har god gli! 

Framgangsmåte

Ha alle dei tørre ingrediansane i ein bolle. 

Smelt smør, og bland saman honning, mjølk og olje. 

Hell i bollen med det tørre og bland godt saman. Dette passar i ei vanleg langpanne. Legg i bakepapir og trykk massen ut til ei flat kake, som då vert 3-4 cm. Steik på 175 grader i ca 40 min. 

Skjer brødet opp i firkantar før det er heilt avkjølt. Set til kjøling og pakk så kvar bit inn i matpapir, plastfolie eller ha dei i ein matboks. 

Flere turmatmatoppskrifter

Denne saken er skrevet av
Sigrid Henjum
Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Siste bok: Et meir ute.
oppskrifter til tørket turmat sigrid henjum
Les også
Publisert 31. mars 2025 kl 09.29
Sist oppdatert 28. juni 2025 kl 06.00
 

Relaterte artikler

 
iungsdalshytta skarvheimen vinter
Guide til mat på vintertur

Mat på vintertur

barnevennlig turmat
Barnevennlig turmat

Turmat som barna liker

turmiddag
3 enkle turmiddager

Enkle turmiddager

chaga som kaffe
Turmat - sanking

Gå på chaga-jakt

kantarell skogens gull
Turmat - sanking

De beste matsoppene

KAKE PÅ TUR: Denne varianten  kan like godt lagast ute. Foto: Sigrid Henjum
Turmat – dessert

Lage kake på primus

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen