/ Turmat

Enkle turmiddager

God turmiddag? Pasta blir aldri feil. Her får du tre enkle oppskrifter.

Sist oppdatert: 22. november 2018 kl 14.10
turmiddag
ENKLE TURRETTAR: På tur vil vi gjerne ha noko som raskt blir ferdig. Denne pastaretten kallar vi for Trippel P. Her pynta med surblad. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

– Skal me ta ein trippel P i dag og? 

 Me nikka begge samtykkande, for trippel P er enkel, rask og god turmat. 

Trippel P står for pasta, pølse og pesto. 

Det er tre ingrediensar som er lette å ha med seg og middagen er ferdig på fem minutt. Det passa oss perfekt, etter ein lang dag på sykkelsetet. Noreg skulle syklast på langs og det vart nokre trippel P-middagar i grøftekantane.

Pastaen kan du variera med alt i frå fullkornskruer til ferdigfylte puter, kalla ravioli. 

 

Trippel P

for 2 svoltne personar

250 g ukokt pasta

1 glas med pesto (omlag 190 g)

minst 3 pølser i vanleg storleik

eller minst 120 g spekepølsa

litt raspa ost etter eige ynskje

  

Kok pastaen som oppgitt på pakken, og så kan du anten steika pølsebitane først eller berre hiva pølsa oppi pastavatnet. Alt etter kor stor hungeren er. Sil av vatnet og rør inn masse pesto. 

Perfekt vert det om du strør litt raspa ost på toppen. 

Server med det same. 

Makaronigryta til Besta

2 personar 

 

150 g ukokt makaroni

250 g kjøtdeig

3 ss tomatpure

1 ts sukker

1/2 ts salt

 

Kok opp makaronien til han nesten er ferdig, og set gryta til side. Steik kjøtdeigen og når den er ferdig har makaronien i gryta også vorte ferdig. Sil av vatnet og bland i tomatpure og litt sukker og salt. Ha i kjøtdeigen og bland alt saman. 

 

Pasta carbonara

2 pers

 

250 g ukokt pasta

1 dl fløyte (du kan bruka mjølkepulver, bland berre med halvparten av vatnet)

2 eggeplommer(kan sløyfast viss det er vanskeleg å ha med på tur)

50 g raspa skarp ost, type parmesan eller norsk kvit geitost

150 g bacon i små bitar

Pepar

 

Kok opp pasta og set til sides før han er heilt ferdig. Steik bacon medan pastaen gjer seg ferdig. Bland saman fløyte, egg og raspa ost.

Sil av vatnet på pasten og rør inn fløyteblandinga.

Server straks med sprøsteikt bacon og eit dryss pepar på. 

  

Publisert 22. november 2018 kl 14.10
Sist oppdatert 22. november 2018 kl 14.10
annonse

Relaterte artikler

kantarell skogens gull
Turmat - sanking

De beste matsoppene

chaga som kaffe
Turmat - sanking

Gå på chaga-jakt

indisk turmat
Turmat - middag

Indisk linsegryte

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

annonse
boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen