/ Turmat

Lune blinis fra turstekepanna

Nokon seier at dei fyrste pannekakene kom frå Russland. Ein gong eg var i Murmansk, så fekk me servert slike minipannekaker, blinis, servert med rogn og rømme.

Sist oppdatert: 9. desember 2020 kl 08.00
blinis på tur russiske pannekaker
RUSSISKE PANNEKAKER: Eller blinis, er super småmat på tur. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 1 minutter

Eg likar røykelaks betre enn rogn og serverer derfor blinis med røykelaks, kremost og pyntar med einebær som har blitt modne.

Pannekaker er fin og enkel turmat. Retten kan brukast både til frukost, lunsj, snacks eller kveldskos.

 

Ingredienser

3 egg

3 dl mjølk

3 dl bokkveitemjøl

1,5 dl kveitemjøl

75 g smelta smør

Ei lita klypa natron

Ei god klypa salt

 

Garnityr

Røykt laks

Einebær 

Kremost

Raudlauk

EINEBÆR

Visste du at einebær er ei kongle? Og at bæra er stappfull av antioksidantar? 

Skil eggplommne frå kviten og bland plommen saman med resten av ingrediensane. Pisk eggekvitane stive og vend dei inn i røra til slutt. Røra skal verta nokså tjukk.

Ta ei stor skei og legg røra på steikepanna. Avhengig av kor stor steikepanna du har, så får du plass til 4 eller fleire pannekaker i slengen.

Lagar du røra ute på tur kan du ha egga rett i røra utan å skilja dei, det går fint det og. Godt blir det lell! 

Når pannekakene er litt avkjølte serverar du med kremost, røykelaks og nyplukka einebær. Gjerne også litt finhakka raudlauk.

Nokre vil meine at det høyrer blank, sterk drikke til, slikt dei er kjende for i Russland. 

SKÅL PÅ RUSSISK

ваше здоровье/na zdorovje

Publisert 9. desember 2020 kl 08.00
Sist oppdatert 9. desember 2020 kl 08.00
 

Relaterte artikler

 

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen