/ Turmat

Fiskegrateng på primus

Kombinasjonen av kvit fisk, makaroni, grønsaker og kvit saus er ein klassikar. Prøv å laga fiskegrateng på primus!

Sist oppdatert 20. januar 2017 kl 16.30
FISKEMIDDAG: Fiskegrateng er ein klassikar, og også godt eigna som turmat. Foto: Sigrid Henjum
FISKEMIDDAG: Fiskegrateng er ein klassikar, og også godt eigna som turmat. Foto: Sigrid Henjum

Sjølvsagt går det an med heimelagd fiskegrateng på tur. Her får du oppskrift på ein klassisk variant, og ein for langtur.

Er det kaldt ute, kan det vera lurt å kutta og raspa grønsakene på førehand som du tar med i ein pose eller boks. Eggeblandinga kan du ha i ei lita flaska, slik at dei ikkje frys i skalet på tur.

Fiskegrateng – laga frå botnen av

4 porsonar

  • 500 g kvit fisk som torsk, hyse eller sei

  • 2 dl ukokt makaroni, gjerne fullkorn

  • 1 vårlauk

  • 2 raspa gulrøter

  • 2 ss godt smør

  • 5 dl mjølk

  • 4 ss kveitemjøl

  • 2 ss godt smør

  • 3 egg

  • 1 ts salt

1,5 l vatn til å koka makaroni og fisk i. 

2 lyse, knuste knekkebrød (f.eks Wasa-frukost).

UTSTYR: Ein kasserolle på omlag 3 liter, og ei steikepanne. 

Framgangsmåte

Kok makaronien til han er nesten ferdig og legg fisken i same vatnet.

Skru ned varmen og la fisken trekka til han delar seg opp.

Ta fisken ut or vatnet og sil så av vatnet.

Bland mjølk og kveitemjøl til jamning. Det luraste er å bruka ei flaska og rista laus.

Tilset ein smørklatt og jamninga i makaronien på svak varme. Pass på at det ikkje svir seg, ta heller panna av primusen.

Rør godt rundt medan du tilset egga.

No vert då ein tjukk kvit saus og då er det klart for å bland i grønsaker, krydder og ferdigkokt fisk. Rør alt saman på svak varme.

Er du lika  glad i ost som meg, kan du gjerne blanda i litt raspa ost i blandinga.

Knus knekkebrøda i ein pose, og steik smulane på steikepanna.

Server gratengen porsjonsvis og strø på steikte, varme smular.

Enklare fiskegrateng – for lengre turar

4 pers 

  • 500 g kvit fisk, gjerne kokt og plukka i småbitar på førehand

  • 2 dl ukokt makaroni, gjerne fullkorn

  • 2 ss godt smør

  • 1 pose med fiskesaus/suppe i pulverform

  • 3/4 pose tørrmjølk

  • 6 dl vatn

  • 2 raspa gulrot

  • 1 vårlauk i småbitar

  • 1/2 ts salt

  • 2 lyse knuste knekkebrød

UTSTYR: Ein kasserolle på 3 liter og ei steikepanna.   

Kok makaronien nesten ferdig i vatnet med salt.

Sil ikkje av vatnet, men ha i smør, tørrmjølk og sauspulver medan du rører godt. Bruk gjerne visp.

La det småkoka i nokre minuttar. Tilset grønsaker og fisk, rør godt rundt på svak varme.

Ha i raspa ost om du vil. Server med steikte smular på toppen.

Fleire turmatoppskrifter

Publisert 20. januar 2017 kl 16.30
Sist oppdatert 20. januar 2017 kl 16.30
annonse
Relaterte artikler
in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikkmat

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

annonse
mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

kebab på bålet matt skuse villmarkingen turmat
VILLMARKINGEN

Kebab på pinne

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen