Løvetann er proppfull av C-vitamin og med meir A-vitamin i seg enn spinat! Og den er heilt gratis.
Ikkje mange plukkar den som mat, så du slepp å stå i kø. Heile løvetannplanta kan etast, både blome, blad, stilk og rot.
Blomen er god, den kan du eta slik den er, eller du kan bruka den som dekor både på kaker, i salaten eller på tallerken.
Blada kan brukast i smoothien på morgonen, eller i salaten i lag med anna salat. Bruk då unge små blad.
Rota må kokast ei stund for å få vekk bittersmaken, men gjer du det smakar rota litt som gulrot.
Blomen kan du også bruka til å laga ein god sirup som du kan ha i teen heile vinteren for å halda på friske solgule tankar. Passar godt i brennenesle-teen eller på gode ostar.
Blomen kan du også bruka til å laga ein god sirup som du kan ha i teen heile vinteren for å halda på friske solgule tankar.»
Plukk gule løvetannhovud og rens vekk alt det grøne.
Det gule på blomsten har du i ein kasserolle, så mykje du orkar plukka.
Fyll med vatn, dobbelt så mykje som mengda blomar.
Kok blandinga til vatnet er halvert. Sil då i frå blomen og ha i sukker. Mengda skal vera halvparten av vatn som er att (har du att 1 liter væska, tilset du 5 dl sukker).
La væska og sukkeret koka inn til ein passeleg sirup. Du kan leggja ein drope på eit fat, lata han avkjøla seg og sjå at konsistensen er sirupaktig.
No skal han vera gul, søt og klissete. Perfekt på små glas som gåva eller på kjøkkenhylla.
«Rota må kokast ei stund for å få vekk bittersmaken, men gjer du det smakar rota litt som gulrot.»