/ Turmat

Is på tur

Lite smaker bedre enn soft-is i vårsola etter ein fin tur, men du ikkje vera i nærleiken av ein fryseboks eller kiosk. Her skal eg læra deg korleis du kan diska opp med iskrem på ein krem-topptur. Kva med sjokoladeis med nonstop i hytteveggen? Eller jordbæris på topptur?

Sist oppdatert: 15. mai 2023 kl 11.31
sjokoladeis på tur
IS AV SNØ: Regelen er enkel, ser snøen fin og kvit ut, kan den etast. Sigrid Henjum veit korleis det attpåtil kan bli skikkeleg godt. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Det einaste du treng å oppsøka er ei snøfonn. Og dei finst det mange av i fjellheimen, til langt utpå sommaren. Regelen er enkel; ser snøen kvit og fin ut kan den etast.

Utstyret du treng

• Brødposer

• Skål/matboks/kjele for å blande iskremen

Oppskrift på sjokoladeis med snø

for 4 personar:

  • 1,5 liter snø (grav gjerne litt ned etter kald, fin snø. Gul snø er fy-fy!)

  • 65 gram tørrmjølk, dvs. halve pakken (tilsvarar 0,5 liter vanleg mjølk)

  • 100 gram O´boy-pulver (1/4 av pakken) 

  • Så mykje nonstop eller anna godis du vil ha til pynt 

Bland snø og salt, bruk to posar av ulik storleik og vips – så har du ein frysar.

Når du blandar salt med snø, vil snøen smelte fortare. I denne prosessen går snøen frå om lag null grader til mange minusgrader.

Fyll ein vanleg plastpose frå butikken med snø og salt, med blandingsforholdet ein del salt og tre delar snø.

Iskremblandinga som du har laga på førehand, legg du i dobbelt lag med brødposar som får plass oppi den store posen.

Legg brødposen med iskremblandinga flatt slik at han vert tynnast mogleg. Det bør vera minst 8 cm lag med snø og saltblanding rundt brødposen.

I løpet av 30-40 min frys kremblandinga til, og du kan klemma utanpå posen for å få ein fin konsistens.

Når iskremen er passeleg tjukk og frosen er han klar til å nytast.

Ta snøen oppi kjelen eller bollen, tilsett turrmjølk og smaken du ynskjer. 

For å få sjokoladeis kan du bruka O´boy-pulver, som i tillegg er kjempefint å ha med om du er på langtur – det er lett å bera.

For andre smakar kan du bruka jordbær, eple eller anna kompott.

Syltetøy fungerar også. Ha i hop og rør godt rundt. Ein visp gjev best resultat.  

jordbær syltetøy
Uimotståleg: Med denne smarte metoden er jordbær noko du kan ha glede av sjølv om jordbærsesongen er kort. Foto: Sigrid Henjum

Oppskrift på iskremblanding

Har du køyrt bil til ei hytte uten fryseskap, men har med deg både egg, kremfløyte, sukker og salt, så kan du fortsatt prøve deg på ein slik snø-frysar.

for 2 personar  

  • 2 dl kremfløyte  

  • 2 eggeplommer 

  • 70 g sukker 

  • 1 vaniljestang 

Visp sukker og fløyte til krem, skrap ut frøa frå vaniljestanga og ha i.

Pisk eggeplommene og bland varsamt i hop.  

Feirer du 17. mai til fjells? Send oss ditt iskrem-bilde!

MAT PÅ TUR

Skjermbilde 2015-04-09 kl. 14.55.29

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort møte henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden.

Publisert 15. mai 2020 kl 10.00
Sist oppdatert 15. mai 2023 kl 11.31
annonse
Relaterte artikler
indisk turmat
Turmat - middag

Indisk linsegryte

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

annonse
blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen