/ Turmat

Tips til enkel saus på tur - fisk

Fisk på kroken – kva gjer du då? Steika, koka, baka på bålet eller ete som sushi? Her skal eg gi deg nokre tips som får deg til å springa til nærmaste fjellvatn eller holme, med medbrakt dill og godt smør.

Sist oppdatert 17. juli 2022 kl 09.16
fisk turmat
FANGST: Enten kan du spise med det samme, eller ta den med heim. Foto: Sigrid Henjum

På tur der sjansen for å få fisk er til stades har eg med meg nokre få basisingrediensar.

Fisken du får kan du filetera eller dela opp etter beste evne. Det vert alltid noko att, og det du ikkje vil eta, kokar du kraft på (utanom innvollane, dei kan reven få).

Dette er oppskrifta på ein heilt enkel fiskesaus-basis, som kan kombinerast i det uendelege og brukast både som både suppe og saus: 

Kvit fiskesaus

Nok til 4-5 personar

  • Ca. 6 dl fiskekraft

  • 2 terningar fiskebuljong

  • 50 g smør

  • 4 ss kveitemjøl

  • 50 g (halve posen) med turrmjølk

  • Ei god klype salt

Du kan ha oppi kvitlauk, lauk, purre, gulrot, dill eller persille - alt etter kva du har for handa.

Er det ein tur der du kan ha med mjølk, fløyte eller rømme, tek du vekk mjølkepulveret og reduserer litt på mengda kraft. Eksempelvis 4 dl fiskekraft og 2 dl fløyte.

Kok kraft på bein, hovud, spor og skinn. Lat det koka så lenge du har tid til, men minst i 20 minuttar.

Tilset fiskebuljong om du har, og vips har du skikkeleg god kraft. 

kokte hoder
KOKTE HODER: Ingenting til spille. Dette kan det bli god kraft av. Foto: Sigrid Henjum

Smelt smør i panna, tilset kveitemjøl, blanda med turrmjølk, saman med fiskekrafta.

Her det kjempelurt å bruka ein visp! Om du ikkje har visp med, kan du spikka deg ein i frå ei grein.

Rører du om heile tida vert det verken klumpar eller svie.

Pass på varmen om du har bensinbrennar - skru ned!  

Om du vil laga suppe må du berre laga litt meir og spe med meir kraft for at suppen skal verta litt tynnare enn sausen.

Thai-inspirert peanøttsaus til fisk

fisk nudler og peanøtter
TURMAT: Fisk med peanøtter og nudler. Godt og næringsrikt! Foto: Sigrid. Henjum

Eg er ei slik som «tager hva man haver». Nokre gonger vert det nydeleg, andre gonger ikkje fullt så godt. Her er oppskrifta på ein saus som eg laga til fersk steikt torsk, og denne sausen slo verkeleg til! 

Nok til 4-5 personar

  • 1 stk. hakka tomat på boks

  • 1-2 ss chilipasta

  • 2 ss honning

  • 1-2 fedd kvitlauk

  • Ca. 100 g knuste salte peanøtter

  • Ei god klype salt

Finhakk kvitlauk, legg peanøttene i ein pose og knus mellom to steinar. Hiv alle ingrediensane oppi ei gryte og lat det småputra ei lita stund.

Både potetmos og ris passar til, men nudlar passar kanskje aller best. Om du i tillegg har ananas på boks, kan du varma ananasen i lag med fisken på steikepanna. Herleg thai-inspirert middag.

Panering av fersk fisk

Ein annan variant er sjølvsagt å panera fisken, ha i kveitemjøl, blanda med salt og pepar, i ein brødpose.

Hiv oppi filetar med eller utan skinn (små søte fiskar frå fjellvatn kan etast med skinn), rist laus og hiv på panna med godt smør.

Fisk steikt på glør

På bålet er det flott om ein har med seg folie, då kan ein pakka fisken inn i ein «pakke» med smør, krydder, grønsaker som gulrot, lauk, fennikel og purre.

Pass på å lata godt att, slik at krafta ikkje renn ut. Pass òg på å snu rundt og sjekka slik at fangsten ikkje vert svidd.

Ein spanande variant kan vera å gni fisken inn i tandoori-krydder, før du pakkar han inn i folie på bålet.

Kokt fisk

Om du vil koka fisken er det viktig å ikkje koka han for lenge, berre slik at han slepp beina.

Ta halvparten (reint!) sjøvatn og halvparten ferskvatn, då vert det passeleg salt.

Sashimi

Det er sjølvsagt mogleg å eta rå fisk, men den er ofte seig og ikkje så god.

Fisken som du et på sushirestauranten har nett vore frosen og det rår eg deg til å gjera om du skal laga din eigen sashimi. Då vert nemleg feittcellene sprengde og fisken vert mør og god. 

Det er kanskje ikkje så ofte du har me deg ein frysar på tur, så då må du vera nær ei hytta med liten frys eller vera ute i minusgrader.

Som tilbehør høyrer soyasaus, sylta ingefær og wasabi til.

Hugs å skjera fisken i tynne skiver, gjerne før den er heilt tint. 

Her finner du flere turmat-oppskrifter!

Sigrid Henjum

12-50-12_200px

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid kommer fra Leikanger, bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort finne henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden.

Publisert 17. juli 2014 kl 09.16
Sist oppdatert 17. juli 2022 kl 09.16
annonse
Relaterte artikler
in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikkmat

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

annonse
mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

kebab på bålet matt skuse villmarkingen turmat
VILLMARKINGEN

Kebab på pinne

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue