/ Turmat

Fireretters gourmet

Kvifor eta dårleg når ein kan eta godt? Gode folk, gode turar og god stemning fortener god mat.

Sist oppdatert 26. juni 2014 kl 10.51
Rabarbraen må haustast tidleg på sommaren, for seinare er han turr og ikkje så god. Foto: Sigrid Henjum
Rabarbraen må haustast tidleg på sommaren, for seinare er han turr og ikkje så god. Foto: Sigrid Henjum

God mat smakar alltid, men om du i tillegg et på din favoritt-uterestaurant, har vore på tur heile dagen og veit at maten kjem i frå lokale produsentar –  då snakkar me gourmetmat på tur. Turmat er så mangt, og ofte skal det vera både lett, raskt og energirikt. Men kva om du skal på dagstur eller ha ein eller to overnattingar og du har rikeleg med plass i sekk, kajakk eller i pulken? Då kan du pakka med deg det du vil!
Og det vert god mat av gode råvarer. Lofoten er ein sommartur-favoritt, og her er nokre lokale gourmetvariantar.

Les også: Gode, grønne greier

Les også: Ferske scones med brie og bær

Forslag til 4-rettars middag frå Lofoten 

Turrfisk 
Turrfisk heng overalt i Lofoten heilt fram til jonsok. I butikken får du kjøpt det heile året. Om du får tak i heil fisk er han hard og du må banka han. Då vert det til ”flis” og du steiker flisa i godt smør på panna. Dette er kanskje litt spesiell snacks (men godt!!), og ein treng berre ei lita klype som smak til kvar person.  

Røykt kvalkjøt på flatbrød med tyttebærdressing 
Lokalt røykt kvalkjøt i skiver 
Lokalt flatbrød 

Ta halvparten tyttebærsyltetøy og halvparten creme fraiche/rømme, med litt salt og pepar oppi.

Dandér på ei rekande fjøl i denne rekkefølgja: Flatbrød, dressing, kval, bittelitt dressing og pynt med surblad eller ein kløver på toppen – pynten kan etast! 

Fersk Lofottorsk med seierslauk-pesto og grønsaker med rømme 
Fersk Lofottorsk smakar godt nesten uansett korleis ein lagar han til. Men steikt i godt smør i panna med seierslauk-pesto er han i alle fall nydeleg. Seierslauk liknar litt på ramslauk, men seierslauk vart kalla den nordnorske lauken – fordi han veks mest i nord. I Lofoten sel dei pestoen hjå fiskehandlarar, og det er denne eg har brukt.  

«Fersk Lofottorsk smakar godt nesten uansett korleis ein lagar han til.»

Reknar du 250 gram fisk til kvar, er du sikker på at folk vert mette. Legg fisken utan bein (men skinnet kan vera på) i panna med godt smør. Ha på ei teskei med seierslauk på kvart stykkje fisk, fordelt på begge sider. Steik fisken til han deler seg i kjøtet, men ikkje for lenge. Grønsakene deler du opp, og har i ein kasserolle med godt smør, kvitlauk, salt og pepar. Ein kan bruka dei grønsakene ein har eller likar best, men her er eit forslag: sommarkål, gulrot, løk, sukkererter og purre. Purren tek ein i heilt på slutten.  

Rør om heile tida medan grønsakene steiker i smøret. Når lauken er vorten litt blank, kan du ha i ein boks seterrømme. Rør om slik at det ikkje svir seg. Det går fort, for grønsakene skal framleis vera sprøe. Smak til med salt, pepar og fersk chili.  

Grov mandelpotetstappe (5 pers) 
Ca. 20 poteter (ca. 3-4 poteter til kvar person) 
Kok i lettsalta vatn. 
Viss du deler potetene opp i småbitar, kokar dei fortare. 
Hell ut vatnet, bortsett frå ca. 1 cm i botnen av panna, når potetene er ferdigkokte, ha i smør(150 g) fløyte(3 dl) salt, pepar og kvitlauk.  
Ha i meir væske viss stappa vert turr.  

Dessert på våren 
Rabarbrasuppe er ein gløymd dessert som vekkjer minne om bestemors hage. Ho smakar kjempegodt og er enkel å laga. Kok opp vatn saman med rabarbraen som er skrelt og kutta i småbitar. Ha oppi sukker og eventuelt rosiner. Kok suppen til rabarbraen vert oppløyst.  

«Rabarbrasuppe er ein gløymd dessert som vekkjer minne om bestemors hage. Ho smakar kjempegodt og er enkel å laga.»

Rabarbraen må haustast tidleg på sommaren, for seinare er han turr og ikkje så god. Ikkje et blada, dei er giftige om ein får i seg ein del.  

1 liter vatn 
Ca. 4-5 rabarbrastilkar 
Sukker etter smak, prøv med 1,5 dl til 4-5 stilkar 
Ein neve rosiner om ein vil 

Dessert på hausten 
Blåbærsuppe er meir ein klassikar, utruleg flott farge og kjempesunt!  
Ha blåbær i ei panne saman med vatn som dekkjer botnen. Ha litt honning, litt limesaft og litt sukker om det trengst.  

Blåbær 
Honning 
Lime eller sitron 
Litt sukker 
Vatn 

Publisert 26. juni 2014 kl 10.51
Sist oppdatert 26. juni 2014 kl 10.51
annonse
Relaterte artikler
in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikkmat

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

annonse
mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

kebab på bålet matt skuse villmarkingen turmat
VILLMARKINGEN

Kebab på pinne

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen