Her kjem nokre tips til korleis du kan laga kaffi ute på tur, med og utan volumøs mjølk, søte og spanande smakar.

Handbrygging

Ei enkel trakt, med eit passande filter oppi, nykverna bønner og kokande vatn. Då får du handbrygga kaffi - og om du vil auka nerdefaktoren kan du lesa deg opp på kor lenge du skal hella vatnet og i kva retning for å få den beste kaffien.

Lufttrykk-kaffi

Ei innretning der du legg filteret i botn, kaffi oppi, heller vatn på og trykker apparatet i hop. Då ligg det ei luftlomme oppå vatnet som trykker vatn og kaffi gjennom filteret og ned i koppen din. Kor mykje du skal ha oppi, står skildra på utsida av sylindaren.

LES OGSÅ: Arabiske smaker på bålet

Kokekaffi

Svartkjelen på bålet, med kokande vatn i – så heller du passeleg mengde grovkverna kaffi i - eg har alltid høyrt at mengda kaffi som er att oppå vatnet (når du heller det oppi i bra fart) skal sjå ut som ein fjortispupp. Då er det passeleg mendge - med andre ord kan det variera litt, men er det ein stor haug/pupp vert det sterk kaffi, og er det ein liten haug vert det svak kaffi, så enkelt er det! La kaffien trekka- men ikkje koka - og løft kaffikjelen opp og ned nokre gonger for å få kaffien til å legga seg på botnen. Vil du ha ein fin utesmak på kaffien kan du ha oppi ein liten frisk einebusk. Heil kanel og/eller kardemomme gjev ein eksotisk smak.

Cubakaffi

Fyll opp nedste behaldaren med vatn og den vesle filterkoppen over med espressomalt kaffi. Skru delane saman og set på kok på ein primus. Du høyrer på lyden at kaffien er ferdig, eller du kan kika under loket og sjå om all kaffien har komme opp. Her er eit triks å ha litt sukker i kaffien, så smakar han endå betre, meinar nokon. Og på Cuba har dei mykje sukker i kaffien..

Varm og luftig mjølk

Likar du mjølk i kaffien din kan du varma mjølka og tilføra luft som gjer han luftig og fin. Det er mange måtar å gjera det på, med ein liten visp- eller med eit lok med filter i, som du pumpar opp og ned. Du kan også bruka soyamjølk eller havremjølk. I mjølka han du ha i litt ekte vaniljesukker for å gjera det endå bedre* 

Moccakaffi

Slepp eit par moccabønner eller anna god, mørk sjokolade ned i botnen på kaffikruset før du heller på rykande fersk kaffi. Sjokoladen vil smelta og du kan toppa det med luftig mjølk, fløyte eller krem.Topp det heile med litt brunt sukker.

Karsk og Grønlandskaffi

Karsk er rett og slett kaffi med brennevin – ikkje for sarte ganar, men ekstremt verknadsfullt.

Grønlandskaffi er kaffi med 2 cl Kaluha, 2 cl whiskey og 2 cl grand marnier. Bland kaffien med Kaluha og whiskey, feks Tullamore, ha på så mykje fløyte som du vil og på toppen heller du likøren. Den kan du setja fyr på, for å imponera. Då skal det førestilla svart land, kvit innlandsis og eit levande nordlys - difor namnet Grønlandskaffi. Drikkast med sugerøyr viss du ikkje vil svi barten. Vert garantert god stemning.

LES OGSÅ: Pizza på bålet
LES OGSÅ: Godt i termosen

SIGRID HENJUM

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort møte henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden.