Arabiske netter med hjort og kanel

Denne retten smakar like eksotisk som namnet tilseier. Me nordmenn et oftast kanel på grauten og i krydderkaka, men i mange andre land er kanel vanleg saman med kjøt. Haust er tid for jakt, og får du tak i hjort eller anna vilt kjøt er det klart betre enn vanleg karbonadedeig - tykkjer eg.

Annonse

Du kan velja om du vil laga små pakkar i aluminiumsfolie eller – meir miljøvenleg – ha alt i ei stor bålpanne. Pass uansett på at det ikkje vert for mykje på ein gong, slik at det vert ferdig kokt og ikkje berre svidd.

Les også: Fireretters gourmet

Les også: Brødbaking på tur

Brenn bålet ei stund slik at du får fine glør som du kan legga maten på. For mykje flammar er ikkje bra. Om du har laga mange små pakkar kan du freista trikset med hønsenetting. Ta ein bit med hønsenetting, rull saman til ein sylinder og legg pakkane inni. Då kan du lett snu rullen og pakkane vert varma på alle kantar.

Oppi dei arabiske nettene kan du variera med det du har lyst på, men her kjem eit forslag som smakar godt:

Til om lag 6 pakkar og 3 personar

• 4 gulrøter

• 3 poteter

• 1 liten purre

• 2 fedd kvitlauk

• Litt fersk chili utan frø

Skjer alt opp i små bitar og fordel i pakkane.

I kvar pakke har du også oppi:

• Nokre rosiner

• Ei kvart ts kanel

• 2 ss konsentrert solbærsirup

• 1 ss godt smør

• 80-100 g kjøt i små bitar eller kjøtdeig

Då veg pakkane om lag 180 gram, og er på størrelse med ein knyttneve. Smak til med salt og pepar. Til svoltne folk treng du to slike pakkar per person. Det må ligga på bålet til kjøtet er steikt og potetbitane er kokte. Sjå oppi etter femten minutt. Sjekk ofte og pass på at det ikkje svir seg.

 

Flambert dessert

For å gjera desserten like eksotisk tilrår eg flamberte molter eller blåbær.

På denne tida av året kan ein plukka desserten undervegs – berre ta med deg litt likør og brunt sukker, så har du restaurantdessert på eit blunk.

«Plukk så mange molter eller bær du gidd, men dette er godt, så det er fint om alle får i alle fall ei god skei kvar.»

Plukk så mange molter eller bær du gidd, men dette er godt, så det er fint om alle får i alle fall ei god skei kvar. Til kvar store skei med bær tek du ei halv skei med brunt sukker og blandar inn. Rør eller la det stå til sukkeret er oppløyst. Smak til med Cointreau (appelsinlikør som passar godt, men ikkje ha i for mykje) og legg blandinga i steikepanna.

Om du er på ein luksustur og kan ta med deg kremfløyte og sæterrømme, kan du laga ein knallgod krem attåt. Visp krem og ha i nesten like mykje sæterrømme. Bruk litt av sausen til bæra (med likør og sukker blanda inn). Bland i hop, og alle kjem til å trygla etter meir av denne kremen.

Set steikepanna med bær, sukker og likør på bålet. Når det vert varmt nok tek panna fyr! Flotte blå flammar dansar i panna og det er berre å ha kameraet klart. Serverast varmt med eller utan luksuskremen.

Lukke til og ver varsam med flammane.