Kanskje har du nokon i nabolaget som lagar spekepølse eller god geitost – råvarene treng ikkje komma frå Spania. Du kan óg bruka restar frå julematen som ikkje kom ut or frys og kjøleskap.

Brukar du steikepanne på bål eller primus kan du bruka trepinnar å tre godsakene på. Pass på at pinnane ikkje stikk langt utfor steikepanna, då tek dei fort fyr.

Annonse

Vil du varma maten direkte på bålet må du ha noko som er litt lengre – ein slik moderne «teleskop-metall-grillpinne» eller ein frisk trepinne som du spikkar spiss på. Har du råvarene i ein boks og det er minusgrader, frys det fort til ein stor klump. Bruk små boksar, så kan du tømma heile innhaldet på steikepanna, og heller bruka små trepinnar til å stikka i og eta på direkten.

Kjøttbollar med chili og kvitlauk

Ta ein pakke karbonadedeig, ha oppi rikeleg med hakka kvitlauk (3 fedd på 400 gram), finhakka fersk chili og eit egg, og rør godt saman. Lag små «golfballar» og ha oppi nesten kokande vatn med buljong. Når du har delt ein test-bolle og sett at han berre er litt rosa inni, då kan du ta dei ut or vatnet og ha dei på pinnar.

Ribbe med sur-søt saus

Del ribba opp i 2x2 cm bitar og tre på ein pinne og legg bitane i sweet-chili saus.

Då vert dei marinerte, og du kan dyppa i samme sausen når du har varma bitane.

Spansk chorizo eller julepølse

Pølsebit, sviske og eplebåt passar godt saman. 

Kalkun og ananas

Har du kalkun som ventar på å bli oppeten?

Kjøp frisk eller hermetisk ananas og tre kalkun- og ananasbitar på ein pinne.

Steikte poteter med rosmarin og olje

Har du kokte poteter til overs kan du bruka dei med eller utan skal. Du kan óg kjøpa mandelpoteter, koka dei møre og marinera dei i olje og fersk rosmarin. Ha rett i panna eller stikk på pinnar.

Bacon, sopp og løk

Tre på passelege baconbitar, sopp og sjalottlauk.

Scampi
Desse store rosa rekene er ekstra gode om du legg dei litt i chiliolje. Passar fint saman med squash, mango eller paprika på pinnen.

Spansk smørbrød

Gode loffskiver med godt smør, salt skinke (pepperoni, chorizo eller salami) og brie på toppen. Ha rett i steikepanna til undersida er lysebrun.

Dessert

Bruk fantasien!

Peparkaker blir knallgode når du varmar dei på panna og har litt blåskimmelost på – ei perfekt avslutning på eit spanande måltid ute!

Vil du også ha noko spanande i koppen kan du prøva å blanda varm solbærtoddy med litt vin, og ha ei appelsinskive på toppen – ein norsk variant av spansk Sangria. 

Buena comida! 

Sigrid Henjum

 

12-50-12_200px

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort møte henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden.