/ Turmat

Sopp-pannekaker

Om du er ein ihuga sopplukkar, kan denne oppskrifta gi deg ein ny idé. Har du aldri plukka sopp, før er det på tide. Det er spennande å leita etter sopp i skogen, og når du ser soppen lyser mot deg veit du at du har ein nydeleg smak i vente.

Sist oppdatert: 29. september 2023 kl 00.00
sopp stekepanne turmat
GULL I PANNA: La soppen få spele hovedrollen neste gong du lagar pannekaker. Super turmat. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 3 minutter

Det vert sagt at det er nesten 100 matsoppar i Norge, men du skal vere heilt sikker, 100 prosent sikker på at du plukkar rett sopp. Noko anna kan verta fatalt.

Om du berre er litt usikker, ta med nokon som veit, eller undersøk om nokon kan kontrollere soppen for deg. 

valg av turstekepanne
Les også

Sopp-pannekaker

Pannekakemiks er fint på langtur, då tek du pulveret i ei tett (!) flaske, fyller på vatn og ristar laus. På kortare turar kan du laga røra på førehand og ta med røra på ei flaske.  

Ingredienser

For 3 personar

5 dl kveitemjøl

1 liter mjølk

5 egg

litt salt

5 ss smelta smør

Bonus: Soltørka tomater, brie og litt pepper

I pannekakerøra tilset du litt pepar og gjerne litt hakka soltørka tomat i olje.

Reins soppen med ein kniv og skjer vekk der du ser mold eller mark-etne områder. 

Før du steiker pannekakene tilrår eg at du steiker soppen. 

Steik soppen fyrst på tørr steikepanne for då kjem væska ut. La væska koka inn, før du har i ein god klatt med godt smør samt litt salt og pepper.

Ha den ferdig steikte soppen i noko anna ei lita stund medan du steiker pannekaka.

Når du snur pannekaka med den ferdigsteikte sida opp, legg du på brie eller anna god ost, saman med så mykje sopp du kan unna deg. 

Då får du steikt ferdig pannekaka, samstundes som osten får smelta litt og soppen lunka seg. 

Nyt naturen.

Mine tre sikre soppar er

Piggsopp: Den har piggar på undersida av hatten og litt ned på stilken. Han er oftast litt hard i konsistensen, samt bleik på farge. 

Kantarell er gul og fin, har ei spesiell god lukt og har riller som stoppar ujamt ned på stilken. Ofte er hatten nedsigen på midten, men det kan variera. 

Traktkantarell er brun-gul med ein tynn hatt og hatten har eit hol i midten. Dette holet går frå hatten og heilt ned i stilken- derav namnet- traktkantarell. Som kantarellen har også traktkantarellen riller som går nedover stilken. 

kantarell skogens gull
Les også

Sopplukkarens tips

• Plukk i ei korg eller papirpose framfor plastpose.

• Ta med kniv til å reinsa med.

• Ta med soppbok og nokon som kan mykje om sopp om du er usikker.

• Skil av soppane med matpapir eller fleire korger, slik at du berre har ein type sopp på ein plass.

• Plukk ein og ein sopp slik at ikkje andre giftige luringar kjem innimellom.

• Gå gjennom alt du har plukka når du reinsar, slik du er heilt sikker på kva du et. 

Flere turmatoppskrifter

Publisert 25. september 2022 kl 14.29
Sist oppdatert 29. september 2023 kl 00.00
annonse

Relaterte artikler

annonse
in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen