Oppskrift på pinnebrød
(nok til 6 personar)
5 dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1/2 pose tørrgjær
1/2 ts salt
1 ss sukker
5 ss soyaolje
Omlag 2 dl vatn
Bland det turre saman og ha i lunka vatn og olje til slutt. For å gjera deigen meir spanande kan du tilsetja litt raspa ost, urter eller krydder. Prøv for eksempel ramslauk eller seierslauk i olje i deigen!
Ha litt ekstra olje utanpå deigen og legg han i ein pose eller ein boks. Det er best om deigen rekk å stå litt i romtemperatur før du tek han med ut i kulden på tur. Deigen skal hevast frå 45 minutt til 2 timar alt etter lengda på turen, før du får fyr på bålet. Sliter du med å få fyr, vi viser deg hvordan.
Glutenfritt: Bruk Jyttemjøl i staden for vanleg kveitemjøl. Deigen vert ikkje like «seig», og du må klappa deigen rundt pølsa eller pinnen, men det går fint.
Vi har samlet mange gode artikler om turmat på utemagasinet.