Dette er genial turmat!
Bruk ingrediensar du har tilgjengeleg, eller som du likar best.
8 grove lefser eller potetkaker
600 g kjøtdeig av hjort, storfe eller elg
1 ss godt smør til steiking av kjøt og sopp
3 ss solbærsirup eller anna konsentrert saft av tildømes rips og bringebær
1 pak sæterrømme
150 g valfri sopp, aromasopp frå butikken eller kantarell/piggsopp frå skogen
1 raudlauk
Litt grønkål, omlag 3 store blad
2 raspa eple
1 pak snøfrisk (med kantarell om du finn den varianten)
Nokre tyttebær
Salt og pepar
Smør smyrjeosten på eine sida av alle lefsene.
Steik kjøtdeigen godt, krydra godt med salt og pepar.
Bland i eit beger med sæterrømme og ha i solbærsirup.
Steik soppen for seg med litt smør, salt og papar.
Lag ei tjukk stripe midt på lefsa med kjøtblandinga, strø over finhakka raudlauk, grønkål, raspa eple og til slutt nokre tyttebær.
For ei smaksoppleving!
Pakk lefsene inn i matpapir og et dei kalde eller bruk aluminumsfolie om du vil varma dei på bålet.
Du kan også bruka ei steikepanna med lok over svak varme, for å varma dei litt før servering.
Retten kan brukst både som nistemat og fullverdig middag på tur.
Er du ein brunost-elskar kan du byta ut sirupen i kjøtfyllet med 5-10 skiver med brunost eller brun geitost. Det blir knallgodt!
Håpar det smakar UTE!