Blir det ofte akkurat dei same rettane på tur? 

Prøv desse oppskriftene, kanskje vert det med ein gong – aldri meir, eller så vert det ein ny favoritt? 

Annonse

Flygande Jakob

Til svoltne 3 personar 

  • 4 kyllingfiletar
  • 2 bananer
  • 1/3 l fløyte
  • 4 ss Crème Fraîche
  • 200 g bacon
  • 2 ss Sriracha-saus (nydeleg og sterk chilisaus!)
  • Ein stor neve salte peanøtter

Steik kyllingfilet og bacon i bitar med olje eller smør. Steik til dei er nesten gjennomsteikte, før du har i banan-bitar.

Bland i fløyte, Crème fraîche og chilisaus og la alt småkoka i 10 min.

Rett før servering, strø peanøttene på toppen.

TIPS!

Laktoseintolerant?
Prøv kokosmjølk!

rar mat 3
Dette er ein rar svensk rett, og mektige saker. Server som ei gryta med ris, nudlar eller brød til.

 

Rekesuppe

Til 3 personar

  • 1 boks flådde eller hakka tomater
  • 4 dl vatn
  • 2 ss eller ein terning grønsaksbuljong
  • 1 liten pakke med fløyte eller 3 dl H-mjølk
  • 1 1/2 lauk
  • 2,5 ss karri
  • 2 fedd kvitlauk
  • 1 boks hermetiske fersken, omlag 6-7 halve fersken
  • 1 dl lake frå hermetisk fersken
  • 200 g reker i lake
  • Litt olje til steiking

Surr lauk og kvitlauk i litt olje saman med karri. Tilset tomater, vatn, buljong og fløyte. Kok opp. Del fersken opp i små bitar og ha i litt av laken. Hell laken av rekene og bland i. La suppen småkoka i 5 min før servering.

Lukke til!

rar mat 2

Reker: Fyldig suppe med karri og fløyte.  Dette må du faktisk berre prøva. Rart, men veldig godt. Ei skive grovbrød passar godt til suppa.

Testpanelet: Maten ser rar ut, men smaken var overraskande god!
TESTPANELET: Maten ser rar ut, men vart overraskande god!

Mat på tur

Sigrid Henjum er UTEs faste turmatekspert