/ Turmat

Turmat-tips: Innbakt pizza

Det er godt å vera impulsiv. Å kunne hiva seg med ein kompis på tur, eller ta avspasering frå jobben nokon timar fordi sola skin. Då treng du å ha nistepakken klar i frysen, slik at det berre er å fylla drikkeflaska, pakka sekken og så er du klar.

Sist oppdatert 9. april 2018 kl 08.39
innbakt pizza som turmat
TURMAT: Innbakt pizza er både godt og enkelt å pakke med seg på tur. Foto: Sigrid Henjum

Då er innbakt pizza eller calzone som det også heiter, perfekt å ha laga opp på førehand.

Ta deg ei økt, produser opp ein haug og frys ned. Dei kan etast som dei er, så lenge baksten er opptina, eller du kan varma dei på ein primus. 

Godt tips: Fyll drikkeflaska di med varm drikke og legg posen med matpakken rett attmed.

Pakkar du i tillegg dunjakka rundt, så er du garantert ein deilige liten lunk på nista di.

Deig til 14 innbakte pizza

  • 6 dl sammalt kveite grov

  • 8 dl kveitemjøl

  • 6 dl vatn

  • 3 ss olje

  • 1 ts salt

  • 50 g tørrgjær

  • 1/2 ts bakepulver

Sjå tips til pizzafyll lengre ned i artikkelen! 

Bland alt mjølet saman med salt, tørrgjær og bakepulver. Bland lunka vatn og olje jobb det inn i mjølet.

Bruk litt ekstra olje på toppen av deigen tilslutt, då heng ikkje deigen fast i bollen når han hevar. 

La deigen heva til dobbel storleik. Kna deigen litt og bruk litt olje over og under om du treng.

Del opp i omlag 14 like store bitar. Bruk kjevle og lag flate rundingar på storleik med ein frukosttallerken.

Legg fyllet ( i midten og brett saman, slik at du lukkar fyllet inni.

Bruk gjerne ein gaffel for å trykka kantane saman.

Legg dei på eit bakebrett med bakepapir og hev på kjøkkenbenken i omlag 45 min før du steiker.  

Steik på 220 grader i 15 minutt midt i omnen. Dei skal vera lysebrune på toppen og under, då er dei ferdige. 

Raud pizza

  • 1 glas tomatpuré

  • omlag 800 g kjøtdeig

  • 400 g raspa ost

  • Salt og pepar

  • Oregano

  • 2 fedd kvitlauk

Kvit pizza

Crème fraîche
Sriracha-saus
Skinke eller spekeskinke
Vellagra ost
Raudlaukskompott/syltetøy

Ekstra strek

Hermetiske tomater
Chorizo-pølse
Salt og pepar
Brie eller anna mjuk ost

God tur akkurat når det passar deg! 

Sigrid Henjum

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid har skrevet boka Et ute – basert på spalten hos UTE.  

Publisert 9. april 2018 kl 08.39
Sist oppdatert 9. april 2018 kl 08.39
annonse
Relaterte artikler
in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikkmat

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

annonse
mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

kebab på bålet matt skuse villmarkingen turmat
VILLMARKINGEN

Kebab på pinne

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen