/ Turmat

Lag noe nytt og godt på primusen

All mat kan lagast på primus ute, men her skal du få to heilt nye oppskrifter til utprøving.

Sist oppdatert: 11. januar 2021 kl 16.30
turmat på primus oppskrifter
BERRE PRØV: Eksperimentering med smakar kan like godt gjerast på tur, som heime. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Blir det ofte akkurat dei same rettane på tur? 

Prøv desse oppskriftene, kanskje vert det med ein gong – aldri meir, eller så vert det ein ny favoritt? 

Testpanelet: Maten ser rar ut, men smaken var overraskande god!
TESTPANELET: Maten ser rar ut, men vart overraskande god!

Flygande Jakob

Til svoltne 3 personar 

  • 4 kyllingfiletar

  • 2 bananer

  • 1/3 l fløyte

  • 4 ss Crème Fraîche

  • 200 g bacon

  • 2 ss Sriracha-saus (nydeleg og sterk chilisaus!)

  • Ein stor neve salte peanøtter

Steik kyllingfilet og bacon i bitar med olje eller smør. Steik til dei er nesten gjennomsteikte, før du har i banan-bitar.

Bland i fløyte, Crème fraîche og chilisaus og la alt småkoka i 10 min.

Rett før servering, strø peanøttene på toppen.

TIPS!

Laktoseintolerant?
Prøv kokosmjølk!

rar mat 3
Dette er ein rar svensk rett, og mektige saker. Server som ei gryta med ris, nudlar eller brød til.
 

 

Rekesuppe

Til 3 personar

  • 1 boks flådde eller hakka tomater

  • 4 dl vatn

  • 2 ss eller ein terning grønsaksbuljong

  • 1 liten pakke med fløyte eller 3 dl H-mjølk

  • 1 1/2 lauk

  • 2,5 ss karri

  • 2 fedd kvitlauk

  • 1 boks hermetiske fersken, omlag 6-7 halve fersken

  • 1 dl lake frå hermetisk fersken

  • 200 g reker i lake

  • Litt olje til steiking

Surr lauk og kvitlauk i litt olje saman med karri. Tilset tomater, vatn, buljong og fløyte. Kok opp. Del fersken opp i små bitar og ha i litt av laken. Hell laken av rekene og bland i. La suppen småkoka i 5 min før servering.

Lukke til!

rar mat 2
rar mat 2

REKER: Fyldig suppe med karri og fløyte.  Dette må du faktisk berre prøva. Rart, men veldig godt. Ei skive grovbrød passar godt til suppa.

Mat på tur

Sigrid Henjum er UTEs faste turmatekspert 

Publisert 11. januar 2021 kl 16.30
Sist oppdatert 11. januar 2021 kl 16.30
 

Relaterte artikler

 
iungsdalshytta skarvheimen vinter
Guide til mat på vintertur

Mat på vintertur

barnevennlig turmat
Barnevennlig turmat

Turmat som barna liker

turmiddag
3 enkle turmiddager

Enkle turmiddager

chaga som kaffe
Turmat - sanking

Gå på chaga-jakt

kantarell skogens gull
Turmat - sanking

De beste matsoppene

KAKE PÅ TUR: Denne varianten  kan like godt lagast ute. Foto: Sigrid Henjum
Turmat – dessert

Lage kake på primus

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen