På denne tida av året kan ein plukka desserten undervegs! Ta med deg litt likør og brunt sukker i tillegg til steikepanna, så har du snart restaurantdessert på eit blunk.

Flamberte molter eller blåbær er nydeleg dessert. Plukk så mange molter eller bær du gidd, men dette er godt, så det er fint om alle får i alle fall ei god skei kvar.

Annonse

Til kvar store skei med bær tek du ei halv skei med brunt sukker og blandar inn. Rør eller la det stå til sukkeret er oppløyst. Smak til med Cointreau (appelsinlikør som passar godt, men ikkje ha i for mykje) og legg blandinga i steikepanna.

Om du er på ein luksustur og kan ta med deg kremfløyte og seterrømme, kan du laga ein knallgod krem attåt.

Visp krem og ha i nesten like mykje seterrømme.

Bruk litt av sausen til bæra (med likør og sukker blanda inn). Bland i hop, og alle kjem til å trygla etter meir av denne kremen.

Set steikepanna med bær, sukker og likør på bålet.

Når det vert varmt nok, tek panna fyr! Flotte blå flammar dansar i panna og det er berre å ha kameraet klart. Serverast varmt med eller utan luksuskremen.

Lukke til og ver varsam med flammane!

23-39-30_lightboxorg

Sigrid Henjum er turmatekspert i UTE. De beste oppskriftene er samlet i turkokeboka ET UTE.  

Skjermbilde 2017-09-15 kl. 10.49.08

 MMMOLTE: Å komme over ei god moltemyr er godt som gull! 

LES OGSÅ: Arabiske netter på bålet