/ Turmat

Festmiddag på tur

Denne menyen kan du la deg inspirere av, og forhåpentlegvis blir det mange festlege anledningar!

Sist oppdatert 11. januar 2018 kl 08.42
 NOKO Å FEIRE: God mat høyrer med! Foto: Sigrid Henjum
NOKO Å FEIRE: God mat høyrer med! Foto: Sigrid Henjum

Meny:
Røykelaks på pepparrot
Kalkunbryst med honning og appelsin
Varm tur-Oreokake

Røykelaks på pepparrot

Bruk flatbrød, tynt knekkebrød eller liknande. Små rugkjeks som vert brukt til ost er fint. Legg på rikeleg med pepparrot-pasta (grøn tube) som du får kjøpt i butikken og legg på ei tynn skive røykelaks. Enkelt og godt. Tre bitar per person er ein fin forrett.

Kalkunbryst med honning og appelsin

I denne oppskrifta har eg brukt kalkun, men du kan også bruka både kylling og andebryst, alt etter kva du likar best og har tilgang på.

Oppskrift til 2 personar
350-400 g kylling/and eller kalkunbryst
2 gulrøtter
1/4 sellerirot
2 poteter
2 kvitlauksfedd
1 appelsin
50 g smør
2 ss honning
2 ss soyasaus
Salt, pepar og evt litt kayennepepar

Bruk ei litt høg steikepanne som har lokk. Smelt smør og ha i honning. Del appelsina i to. Den eine halvparten skal du skvisa saften av i lag med smør og honning, medan den andre halvparten skal du skjera skallet av og dela opp i fine små bitar. Legg kjøttet i steikepanna i lag med smør, honning, kvitlauk og appelsinsaft. Steik på begge sider, slik at fileten får farge og legg han til side. Gjerne under lokk eller i aluminiumsfolie. Ha alle dei finkutta grønsakene opp i steikepanna i lag med «sausen» og rør godt rundt. La dei surra i 10 minutt før du legg fileten tilbake, ilag med appelsinbitane og soyasausen. Legg lokk på alt saman og la stå i omlag 10 minutt til. Viss du kjenner på kjøtet, skal det vera like hardt som ei sprettrumpe – då er det perfekt. Smak til med krydder.

Varm tur-Oreokake

Å kalle dette ei Oreo-kake vil kanskje fornærme nokon, men ingen vil bli skuffa med denne desserten på tur. 

Til 2-3 personar
1/2 pk Oreo-kjeks
1/2 pk vaniljekesam
Sjokoladesaus (1/5 flaske) eller 1/2 plate kokesjokolade smelta
Ein neve marshmallows til å dekka overflata
Litt fløyte eller smør

Knus Oreokjeksa i botnen av ei steikepanne, eller bolla som tåler varme. Spre vaniljekesam utover. Bruk sjokoladesaus, anten slik du har på isen, ferdigkjøpt i butikken, eller smelt kokesjokolade saman med ei spiseskei fløyte eller smør i ein kjele. Hell dette over kesamen. Dekk steikepanna med små marshmallows og bruk primusen opp-ned for å få ei brun hinne. Pass på så du ikkje set fyr! Bruk ullvottar når du snur primusen, ha god klaring til syntetisk materiale og ver varsam!

Serveringsklar når marshmallowsane har fått ein fin brunfarge.

Mmmm!

Sigrid Henjum

10-18-17_lightboxorg

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding

Publisert 11. januar 2018 kl 08.42
Sist oppdatert 11. januar 2018 kl 08.42
annonse
Relaterte artikler
in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikkmat

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

annonse
mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

pannekakerøre
Turmat – oppskrifter

Pannekaker på tur

halloween suppe
Halloween-turmat

Gresskarsuppe på termos

eplekake
Testet: Firebox Billy Baking set

Test av Firebox Billy Baking Kit

kebab på bålet matt skuse villmarkingen turmat
VILLMARKINGEN

Kebab på pinne

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen