Ein liten kjele gjer at du treng mindre olje. Frityrolje kjøper du på matbutikken. Kva du vil frityrsteika er opp til deg - "påmfri», berlinerbollar eller friterte bananar? Eg ville testa «fish’n’chips», midt på Finnmarksvidda. Eg tykte det var nok med ein ting i olje, så difor vart det "fish ́n mos" i staden..

UTSTYRSLISTE:

  • Kjele med lok
  • 
Frityrolje 1 liter

  • Pannekakerøre (pulver som ein rører ut med vatn, eller ferdig røre heimefrå)
  • 
Nok fisk (rekn med om lag 150-200g per person)
  • Salt og pepar

  • Rotmospulver og vatn 

SE OGSÅ: Ikke spis kjedelig mat på tur!

Slik vart det

Eg sette meg til i forteltet, med døra open og eit lok tilgjengeleg. Det er viktig å passa på at oljen ikkje tek fyr, for det kan skje om det vert for heitt. I så tilfelle må ein sløkka med å ha på eit lok, ikkje ha på snø eller vatn, då vert det eksplosjon! Det er difor lurt å prøva dette under open himmel.

Attende til Finnmarksvidda – eg skaffa meg ein fin skrei i nord, så hovudingrediensen var på plass. Det vart eit par minus, så fisken vart halvfrosen før eg rakk å angripa han. Eg laga pannekakerøre av pulver frå pose, med litt ekstra salt og pepar i, og hadde mindre vatn enn normalt i røra, slik ho vart tjukk og fin.

Så kokte eg opp vatn før eg varma oljen, slik at eg kunne gjera mosen ferdig. Eg blanda vatn med rotmospulver, og mosen kunne venta på selskap.

PASS PÅ: Det er viktig å passa på at oljen ikkje tek fyr, for det kan skje om det vert for heitt. Foto: Sigrid Henjum

Oljen varma seg opp og det bobla små bobler. Eg plasserte ein liten dråpe med røre oppi for å sjå
at han vart brun. Så rørte eg fisken inn i røra, og
la oppi ein bit i oljen. Spanande! Det fresa godt rundt biten, men han sette seg fast i botnen. Eg pirka han laus og så bobla han fritt rundt. Når deigen rundt var vorten fin og brun, fiska eg han opp.

TIPS: Lurer du på kvar du skal gjera av oljen
etter at du er ferdig? Lat han kjøla seg ned og kast ute, så lenge du ikkje er på, eller i nærleiken av, eit vatn. Eventuelt kan du ha oljen attende på flaska, og kasta den heime i restavfallsdunken.

Sidan me var både kalde på fingrane og godt svoltne, åt me den feite fine fisken etterkvart som han kom opp or oljen. Så utruleg godt! Ferskt, salt, feitt og varmt - då treng ein ikkje meir!

FLERE TURMATTIPS:

– Matturking er trolldom!
Klassisk bålkos
Snickerskake

Sigrid Henjum

alt

Sigrid Henjum er turmatekspert i UTE. Dei beste oppskriftene er samla i turkokeboka ET UTE