Eg har fått høyre at eg er ein people's person. Det set eg pris på. Eg kjem tett på folk. Nokre fell likevel når eg skal ta dei imot. Andre vert hengjande fast når eg skal sleppe dei laus. Slik er livet.
Ein veit aldri kven som vert ståande eller kven som går i bakken.
Eg går mykje tur. Særskilt om vinteren, mellom klokka 10 og 16. Nokre turar går eg aleine. Andre turar går eg saman med to. Ein sjeldan gong går eg saman med tre eller fire, men då er det gjerne smårollingar inne i biletet. Eg går aldri tur saman med fleire enn fire. Det likar eg ikkje. Eg har ein ven. Han heiter S. Han skryt av at han gjerne går tur med seks stykk samstundes. Du kan ikkje vere ein god lyttar til så mange, seier eg. Då berre ler S av meg. Han får berre halde på.
S toler ikkje vind. Det gjer eg.
«Folk kan verkeleg opne seg opp når dei går tur saman med meg. Dei kan fortelje løyndomar. Dei kan ytre hat. Dei kan vise kjærleik.»
Når eg går tur saman med andre, lyttar eg. Nokre snakkar om paneuropeisk politikk i eit historisk perspektiv, nokre snakkar om tru og tvil, nokre snakkar om bustadprisane, om Immanuel Kant, om hyttetomtene, om kantsliping, om snøfresarar, «har du ikkje snøfresar?», seier folk, «nei», seier folk, «galskap», seier folk, «snøfresar må du ha», og «kven trur du vinn Maskorama neste år?», og «kven er best av Crosby, Stills, Nash & Young?», og «likar du best hamburgaren på bensinstasjonen, eller hamburgaren på gatekjøkenet, eller hamburgaren hjå det multinasjonale franchisekonseptet?»
Slike ting. Og tru meg. Folk kan verkeleg opne seg opp når dei går tur saman med meg.
Dei kan fortelje løyndomar. Dei kan ytre hat. Dei kan vise kjærleik. Dei kan krangle om den minste ting. Dei kan kysse. Under store hetter.
Eg er alltid diskré. Eg seier ingenting.
Nokre gonger i veka går eg ein kveldstur. Annleis, det. Berre eg og skuggen min. Time etter time. Men så, med eitt, kjem du. Ut av mørkret. Du er aleine. Du har musikk på øyret. Du har mykje å tenkje på. Eg skjønar at du berre vil zoome ut. Vere for deg sjølv. Kanskje nynne. Kanskje syngje. Til Mozart. Eller Nas.
Eg heiter T. Berre hald rundt meg. Eg er din ven.
I storm og stille.
Eivind Eidslott er fast spaltist på utemagasinet.no og i printutgaven av Fri Flyt. Her finner du flere tekster.