Vi følgjer så mykje.
Vi følgjer oppdateringane på Facebook, Instagram og Twitter.
Vi følgjer tv-seriar, bloggar, podcastar.
Men kanskje vi heller burde følgje råsa innover dalen?
Følgje råsa no.
VI HØYRER. Vi høyrer mobilen ringje, den ringjer heile tida, og om den ikkje ringjer, så plingar det inn nye SMSar, MMSar og e-postar. Kanskje vi heller burde høyre fuglesongen, fossebruset, duskregnet mot teltduken?
Naivt av meg?
Eg vil vere naiv.
VI GÅR. Vi går på ei elipsemaskin, går og går på merkeleg vis, det står ein tv-skjerm framfor elipsemaskina, den syner eit naturprogram, vi står på ei elipsemaskin og stirer på eit naturprogram. Kanskje vi heller burde gå, berre gå, til dømes inn i nasjonalparken Rago?
Gå no.
VI SPRING. Vi spring så ofte, spring runder med pulsklokker og GPS, spring fortare og fortare, trener og trener, blir i betre og betre form, men kvar skal vi?
Kvar vil vi?
Kanskje vi heller burde stoppe opp ved ein støl, berre stoppe opp, kjenne på lukta, kvile i graset?
VI GLOR. Vi glor inn i skjermar, men kanskje vi heller burde glo så langt auget kan sjå?
Glo frå Hjelledalstind.
Glo frå Hårteigen utover Hardangervidda.
Glo frå Hornindalsrokken ut heile Hjørundfjorden.
VI KLIV. Vi kliv mot meir løn, større eigedom, betre bil, fleire ting, meir av alt. Kanskje vi heller berre burde klive?
Klive eit fjell.
Klive ekte fjell.
Klive fjellet no.
LES OGSÅ: Kle deg ut
HELT UTE
Eivind Eidslott vokste opp i Sunnmørsalpene og er preget av det. Han har vært redaktør i Fri Flyt og Dagbladet, og har skrevet flere bøker, blant annet «Fjellbarna». Eivind er fast skribent i UTE.