Balestrand i Sogn er staden Keisar Wilhelm kom tilbake til år etter år i tida før 1. verdskrig. Arkitekturen i tettstaden byr på villaer i drakes - til  ærverdige Kvikne hotell, ein kronjuvel i norsk sveitsarstil. I bygda ved Sognefjorden har rikfolk samlast i hageselskap, og naturen har motivert mange kunstnarar til å ta fram penselen.

Den kvasse Vindreken er eit av dei mest måla fjellmotiva i Norge. I denne idyllen ligg Keipen, eit fjell lokale krefter ynskjer å marknadsføre som ei fyrtårnsrute for fjellvandring i Sogn.

Alt dette visste Mali lite om då draumen om Keipen vaks fram ein solrik påskedag. 11-åringen såg berre ein tøff topp, og slike plukkar ho ut som draumemål. Medan våren spirte i låglandet sat Mali 1446 meter over havet på det snøkledde Johannesberget. Auga kvilte mot ein mektig rygg med spisse nutar og djupe hakk. Akkurat ein slik type topp som kan fascinere ein fjellgal jentunge.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

FREDFULL UTSIKT: Ein månad tidlegare er familien på veg ned frå Raudmelen; nyt utsikta mot Esebotn og Keipen bak i blånane. Foto: Jorunn Liv Kleiven

Ein svært snørik vinter og ein særdeles kald, sur sommar laga krøll i planane. August går mot slutten før alt klaffar for Keipen. På parkeringa 
i Esebotn må eg seie meg eining med dotter mi. Fjellsidene framfor oss verkar steile og uframkommelege, men stien er merka og det er lett å finne fram. Elva vi må krysse brusar og buldrar uvanleg stor til å vere på denne tida av året. Snøsmelting når vi nærmar oss september gjer det utfordrande å komme tørrskodde over.

LES OGSÅ: Har du merket bildet ditt med #liveterbestute i helgen?

Den varme seinsommardagen som vi har helsa hjarteleg velkommen, blir ein fiende opp brattene. Stien går i sikk sakk gjennom bjørkeskogen. Sola står rett på og lufta dønn stille. Tjukk, tett varme slår tilbake mot oss frå steinar, lyng og mose. «Eeeg bliiir KOKT!», pesar det bak meg. Sveitten svir i auga og vi fyller flaskene i kvar bekk vi ser. «Det blir betre når vi kjem over skoggrensa», trøystar eg. «Men KOR eee...’ den hersens skog- grensa?»

Når turen begynne på litt over 0 moh, er det langt til skoggrensa i ei innlandsbygd på Vestlandet. Lyngen lyser av blå freistingar, men Mali er for varm til å ete bær, sjølv når eg plukkar for ho. Då er ho varm, for den jenta er glad i blåbær! Endeleg kjem det svake streif frå fjellet, og vi tek i mot kvart pust med takk! Snøfennene, som enno ligg store, gjev også kjøling. Og etter kvart – våte sko. Det tåler vi lett på ein slik dag.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

LES OGSÅ: Keipen som løpetur

Tankane flyr til farne tider då Keisar Wilhelm II var ein årviss gjest i Balestrand. Den tyske keisaren heldt hoff i det staselege skipet «Hohenzollen», som alltid var eskortert av ein stor flåte krigsskip. Kvar morgon tok keisaren morgonbad i fjorden,
og han arrangerte rokonkurranse for kvinner på Esefjorden kvar sommar. Det var nok eit anna syn nede på fjorden enn i dag. Vi ristar av oss keisarleg tankespinn og set opp tempoet, vi har ein topp å nå; tvilar på at keisaren har vore der.

Snart er vi på det høgste punktet på turen og går noko nedover mot Keipen. Platået kan minne om Trolltunga, eller Preikestolen i miniformat. Sjølv om platået er mindre er ikkje utsikta mindre spektakulær. Kjensla av å sveve mellom himmel og jord er heller ikkje mindre kriblande. Men her er det langt meir fredeleg enn på turistmagnetane lenger sør! Medan tusenvis strøymer til Trolltunga, har Keipen i Balestrand i beste fall 100 besøkande på eit år. Dette har lokale krefter planar om endre, og ynskjer å gjere Keipen til ei fyrtårnsrute for fjellvandring i Sogn.

Betre merking og marknadsføring er nokre av tiltaka. Det er også lansert ein ide om å lage ei via ferrata rute over til den noko lægre nuten på andre sida av kløfta. Slik kan ein gå vidare langs Geitaryggen fram til Tjuatoten og ned
til Dragsvik. To sjeler med sans for det ekte, tenkjer på dette med gru-glede. Via Ferrata likar vi, og klart det ville vere magisk spanande å klatre kløfta langs ei Italia-inspirert jernrute. Men klart det vil sette spor i urørt natur, skape ein annan trafikk, ei anna stemning, eit skår i den naturlege roa vi finn på denne vakre staden i skaparverket.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

FJORD OG FJELL: Keipen sett frå Sværefjorden. Foto: Jorunn Liv Kleiven

LES OGSÅ: Vift flagget til fjells

Salt spekjemat og tomatsuppe smakar himmelsk etter ein relativt sveitt opptur. Det er lett å gløyme at vi burde skunde oss heim. Ein god slump av tida vi sparte på å ta oppturen som ei trimøkt, sløsar vi lett bort i rein nytelse. Middagskvil med ryggen mot dei varme berga. Ein tur bort på Gygrekjeften der vi står på skjelvande bein og let oss fotografere. Auga vil ikkje sleppe taket på alt det vakre. På magen over avgrunnen ser vi ned i Bjørnabreen, utover Dalsdalen, Sværefjorden og mot Johannesberget; – der draumen om Keipen begynte.

«Det er lett å gløyme at vi burde skunde oss heim.» 

(Artikkelen fortsetter under bildet)

HØGDEPUNKT: Fri som fuglen. Foto: Jorunn Liv Kleiven

LES OGSÅ: Test av stekepanner til tur

Keipen

Keipen er ein markant fjelltopp i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane. Ruta har alle element av vestlandsnatur: elvar, bratte fjellsider, brear, spektakulære utsiktspunkt, gamle stølar og stølsvegar.

Start: Det er fleire vegar til toppen. Dei mest vanlege er frå Esebotn, eller frå Dalsdalen i Sværefjorden. Ein kan også gå ei lengre rute der ein startar på Gaularfjellet. Hovudruta går frå Esebotn. Frå Esebotn startar du ved fjorden og tar deg opp til over 1400 meter.

Tid: Ca. 8–10 timar opp og ned.