Tristan og Nanook på nye eventyr

Jochem Cuypers og Kim Broux kjem begge frå Belgia, men fann kvarandre i Nord-Trøndelag. Det blei starten på eit eventyrleg liv. No legg dei ut på ei eitt år lang reise saman med sønene Tristan og Nanook.

Sist oppdatert 17. august 2016 kl 07.30
Medan pappa Jochem ordnar kveldsmat er Tristan og Nanook opptekne med å etterligne ein fugl som nettopp sang i tretoppane. Foto: Line Hårklau
Medan pappa Jochem ordnar kveldsmat er Tristan og Nanook opptekne med å etterligne ein fugl som nettopp sang i tretoppane. Foto: Line Hårklau

– Vi har med oss noko vi ikkje pleier denne gongen, fortel Jochem og viser fram ein liten sekk full av bøker. 

Tristan begynner på skulen til hausten, men ikkje den heilt vanlege typen. Mamma Kim og pappa Jochem er lærarane og klasserommet er der ute. På stien, på fjellet, i teltet.

– Vi er veldig spente. Vi har jo ikkje gjort dette før, det blir ei ny utfordring, seier Kim.

Familien på fire har brukt det siste døgnet på å køyre frå Namsskogan til Hamar. På Hamar blir dei siste tinga ordna før avreise dagen etter. Bilen er stappfull. Med mykje pakking og mange timar i bil har det blitt lite søvn dei siste dagane. Både store og små begynner å bli slitne. Men slitne barn er ikkje synonymt med rolege barn – tvert imot.

tristan_nanook
tristan_nanook

PYSJ: Samarbeid er gull når pysjamasen skal på. Familien har parkert bilen like ved eit grøntområde i Hamar. Dei skal slå opp teltet for den siste natta i Noreg før det store eventyret startar. Foto: Line Hårklau

Jochem, Kim, Tristan og Nanook skal ut på eventyr – eventyr med stor E. Første stopp er Sibir kor dei skal gå gjennom Altai-fjella til Mongolia. Denne turen er første del av eit fire-delt prosjekt, kor familien skal besøke fjellområder i kvar himmelretning på kloden. Prosjektet strekk seg fram til hausten 2017.

Det er på ingen måte første gong familien Cuypers reiser på eventyr. Det heile starta då mora til Kim las i avisa om ein belgisk familie som hadde flytta til Noreg. Dei dreiv med hundekøyring og guida turistar i Namsskogan-området. For eit spennande liv, denne familien måtte dei besøke.

– Så gjorde vi det, og eg traff Jochem. Mora mi tulla med meg og sa at eg ikkje måtte forelske meg i Jochem. Noreg var altfor langt vekk frå Belgia.

– Eg var 16 og ho var 19, det var jo stor forskjell på den tida, seier Jochem.

Jochem flytta til Noreg då han var 13 år. Foreldra hadde alltid hatt ein draum om å flytte til villmarka, vekk frå travle Belgia. I Nord-Trøndelag kunne dei satse ordentleg på hundekøyring. Jochem dreiv aktivt med hundekøyring fram til han flytta til Bergen og starta på medisinstudiet i 2002/2003.

tristrans_2
tristrans_2

STRYNEFJELLET. Foto: privat. 

Kim bestemte seg for å flytte til Noreg i 2004. Fram til då hadde forholdet til Jochem først og fremst vore basert på chat over internett og nokre turar til Noreg i feriane. I Bergen fekk Kim jobb som sjukepleiar, og turlivet var i gong.

– Fritida vår gjekk til tur. Kano, sykkel, ski, topptur, alt mulig. Det blei mange turar i Noreg, og vi begynte å sykle Europa på kryss og tvers.

Kim hadde sin første skitur frå Finse og over Hardangervidda. Eit kraftig uvêr trefte dei og berre eit lite stykke unna fraus to skottar i hel.

– Dei sat berre eit lite stykke unna oss. Vi hadde gått forbi dei om det ikkje hadde vore for at vi valde ei anna rute. 

 Læringskurva blei med andre ord bratt for Kim.

"Vi hadde ikkje peiling, det finst ingen litteratur om å reise på tur med så små barn."

Då Jochem var ferdig med medisinstudiet og det var tid for å stifte familie, frykta Jochem at turlivet var over.

– Vi hadde liksom ikkje reist ut i den store verda. Eg hadde så mange draumar. Når eg i ettertid blar gjennom notata mine frå studietida finn eg ofte ruter og kalkuleringar om tid og budsjett.

Ein novemberdag i 2010 kom Tristan til verda. Fire dagar etter var den nybakte familien på sin første tur, til ein liten haug i Bergen. Kim hadde ein stor trong til å kome ut etter eit svangerskap prega av kvalme og oppkast.

Etter kvart blei haugar til fjell. Då Tristan var tre månader gamal var han på sin første 1000-meter topp. I februar. I -20 grader Celsius.

– Vi hadde ikkje peiling, det finst ingen litteratur om å reise på tur med så små barn. Men det nyttar eigentleg ikkje å lese, ein må berre kome seg ut og prøve og lære, seier Jochem.

tristrans_1
tristrans_1

TEIKNING I TELTET. Foto: privat. 

Med Tristan inntulla i eit sjal tett inntil kroppen til Kim, og Jochem si dunjakke utanpå, var den vesle guten god og varm. I tida som kom blei det tur til blant anna Børgefjell, Folgefonna, Baffin Island, Arizona og New Zealand.  

– Det er som oftast Jochem som kjem med ideane, fortel Kim. Då han foreslo Baffin Island var eg skeptisk. Korleis skulle vi klare det?

Som mødrer flest var ho bekymra for korleis eit lite barn skulle takle dei krevjande omgivnadane. Oppdaginga av den norskproduserte barnevogna Nordic Cab blei avgjerande. Kim var skeptisk til vanleg pulk. Men tur med ein liten ein på Baffin Island byr fort på fleire utfordringar. 

– Vi prøver alltid å finne eit område kor vi veit at helikopteret kan nå oss ganske kjapt.

Jochem nøler litt.

– Jo, vi prøver. Men på Baffin Island var næraste helikopter 1000 km unna eller noko slikt.

– Men der hadde vi nødbuer, skyter Kim inn. Vi må alltid ha ein nødplan - helikopter, nokon som kan hente oss med scooter, hytter - elles hadde eg aldri gjort det.

I 2013 kom Nanook til verda, og sidan har dei besøkt både indianarar i USA og inuittar på Nordaust-Grønland. For Kim har møtet med desse urfolka vore noko av det mest minnerike. 

– Eg kjende meg veldig heime blant inuittane.

Jochem fortel om korleis dei tok tak i Tristan og bærte han rundt om kring.

– Dei snakka med han som om dei hadde kjent han i fleire år. Då vi skulle reise kom det fleire ukjende folk som vi ikkje hadde møtt før, som ga han ei ordentleg klem og kviskra noko i øyret hans.

– Hugsar du kva han sa?, seier Jochem til Tristan. Tristan nikkar.

– Kva sa dei?

– Det er ei hemmelegheit, svarar Tristan.

IMG_0630
IMG_0630

NORDAUST-GRØNLAND. Foto: privat. 

På Hamar plukkar familien opp ei splitter ny Nordic Cab. Nordic Cab er ein av fleire sponsorar dei har fått på laget. På mirakuløst vis får Jochem plass til vogna i den fullstappa bilen.

– Vi blei faktisk stoppa av Vegvesenet. Hadde vi hatt 15 kg meir i last ville vi ikkje fått lov til å køyre, fortel Jochem.

Etter litt leiting finn familien på fire ein grøn flekk til teltet. Dei søv som regel i telt på veg til og frå flyplassen. Generelt prøvar dei å leve enkelt og sparsamt.

– Vi har alltid budd i ei lita leilegheit på 50 kvm, vi har lite straumforbruk, vi syklar til jobb, slike små ting hjelper. Til turen vi skal på no har vi jobba eit og eit halvt/to år. Vi har lagt til side minst ei månadslønn kvar månad.

tristan_nanook_4
tristan_nanook_4

TELT: Tristan veit godt korleis eit telt skal setjast opp. Han sov i telt første gong då han var fem månader gamal. Då gjekk dei over Folgefonna. Foto: Line Hårklau

I den hektiske jobbkvardagen har Kim og Jochem sakna å bruke meir tid saman med barna.

– Vi spring mellom barnehage og jobb, og etter jobb er det matlaging, legging av ungane og vasking av huset. Det blir eigentleg ikkje tid til ungane.

– Vi ser ikkje at dei veks, legg Kim til.

Derfor blir helger og ferier svært verdsatt, men langtur er noko eige.

– Når vi reiser på langtur no får vi god tid til å vere saman og lære korleis verda er, seier Jochem. Vi forsøker alltid å oppsøke områder som er interessante for ungane våre med kultur, natur og historie. Det hjelper ikkje å krysse isen på Antarktis kor det ikkje er noko å sjå for små barn.

På sin komande tur er målet å besøke Kasakh-nomadane og Dhuka-folket. Dei skal følgje fotspora til historiske skikkelsar og bevege seg gjennom natur med stor bredde i fauna og flora.

«Vi tel ikkje kilometer, vi tel opplevingar.»

Familien Cuypers opplev at folk reagerer ulikt på livet dei lev. I Noreg står friluftslivet sterkt og folk flest er positive. I Belgia er det meir unikt. Dei har opplevd å få kommentarar på at barna ikkje vel dette sjølv.

– Oppveksten er basert på vaner. Når ein har vakse opp med friluftsliv blir ein jo glad i eventyr. Og turglede i naturen ønsker vi å føre vidare til neste generasjon. Det er vanskeleg å beskrive, det må opplevast. Turane våre er varierte slik at gutane får eit godt grunnlag for å velge kva dei likar best. Det meste vi driv med er kvardagsglede, små turar, bygge ei trehytte, henge eit tau i eit tre og svinge av garde.

Etter at barna kom til verda har fokuset på turane blitt meir og meir på det å vere undervegs. 

– Før vi fekk små var det å kome opp på fjelltoppen, krysse isbrear, sykle land på kryss og tvers det viktigaste. Med små barn blir det meir fokus på det å være undervegs. Vi tel ikkje kilometer, vi tel opplevingar.

tristan_nanook_5
tristan_nanook_5

KVELDSMAT: Siste kvelden før avreise står havregrynsgraut på menyen. Foto: Line Hårklau

Myggen bit denne kvelden. Mykje. Kim drar sokkane så langt opp på leggen som ho klarer, men dei når ikkje heilt opp til kor shortsen sluttar.

– Oi, det var sexy, spøker Jochem.

Gutane har funne seg til rette i teltet. Dei er på ingen måte framande for å sove ute. Men dei sovnar ikkje før alle er på plass. Dette er siste natt i Noreg på ei god stund.

Meir om ekspedisjonsfamilien

– Vi skal vere tilbake i Oslo i slutten av oktober. Vi vil ha ei veke der før vi reiser til Belgia for å førebu oss til neste tur i midten i av desember. Eg veit ikkje om vi får lov til seie så mykje om neste tur, seier Kim medan ho ser bort på Jochem.

–  Nei, det er hemmeleg, seier Jochem lurt.  

EKSPEDISJONSFAMILIEN

Familien Broux Cuypers består av Kim (36), Jochem (33), Tristan (6) og Nanook (3). Kim og Jochem kjem frå Belgia, men sønene har vakse opp i Noreg. Kim er sjukepleiar og Jochem lege. Dei har blitt kjende for å legge ut på turar mange vil omtale som meir ekstreme. UTE har følgd familien sidan dei reiste til Baffin Island i 2012. Då var Tristan 16 månader gamal og i baggasjen låg 140 bleier. Det neste året skal dei besøke fjellområder i kvar himmelretning på jordkloden. Følg reisa deira her.

Publisert 17. august 2016 kl 07.30
Sist oppdatert 17. august 2016 kl 07.30
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen