Eg har lenge hatt ein draum om å klatre Stygge-dalstindane gjennom natta, og oppleve solnedgangen og soloppgangen der oppe. Sommaren 2020 var det snørekord i Jotunheimen, og då det dukka opp eit høgtrykk i starten av juni fekk eg lurt med meg dei skotske tilflyttarane Calum Macintyre og Adam Gairns på nattevandring på Styggedalsryggen. 

Calum foreslo først å gå ein rundtur inn Skagadalen, opp Slingsbybreen, for så å følgje Styggedalsryggen tilbake til Gjertvasstind. For å gå denne vegen var me nødt til å gå opp ein eksponert sørvendt flanke før me kom oss opp på ryggen, og det er sannsynlegvis ikkje så lurt ein solfylt junikveld. Me valgte derfor å gå den normale ruta over Styggedalsbreen, så Gjertvassbreen og opp til Gjervasskar. Planen var dermed ganske grei: Avreise i firetida, middag på toppen av Store Styggedalstind i solnedgangen klokka elleve, frukost på Sentraltind i soloppgangen litt før klokka fire, og nedkjøring frå Gjertvasstind i sjutida. Slik værmeldinga var såg det ut som det kunne bli fin nedkøyring på sløsj ned nordsida.