Er du av typen som likar det bedagelige friluftslivet med kort avstand frå perle til perle? Eller er du av typen som gjerne står på kanten av eit 800 meter høgt stup som går rett ned i fjorden? Bremanger er ein del av Norge som du må oppleve.
HAV OG FJELL: Vetvika er definitivt verdt turen. Foto: Sunniva Sørheim
Lesetid: 5 minutter
Kor ligg Bremanger? Bremangerlandet ligg der hav møter land, med Gloppen i øst, Måløy i nord og Florø i sør.
Det er kvite sandstrender og flotte skjergardar med fiskebåtar om alle hjørne. Du finn ville klipper med sjøsprøyt til vêrs og fjellturar med utsikt over fjord og bre, samt lågterskel dagsturhytter, som er passelege turmål for både syklande og køyrande.
Bremanger er nesten så vest som du kjem i dette landet, og er ein avstikkar som slynger seg frå halvøy til halvøy med viker rundt ein kvar sving. Avstikkaren er vel verdt reisa.
Bergen – Bremanger = 5 timer
Førde – Bremanger = 2 timer
Ålesund – Bremanger = 4 timer
Kjem du frå nord, kan Nordfjorden kryssast med ferje, enten frå Stårheim til Isane, eller frå Måløy til Oldeide. Det er også mogleg å ta ekspressbåt frå Bergen.
På toppen opplev ein frykt og fryd, alt etter korleis høgdeskrekken slår inn hos kvar enkelt.
Heilt på toppen finn du Olavsbu som er ei nødbu.
Sjekk vêrmeldinga før tur, det er ikkje ukjent at uvêret legg seg over fjellet. Ver merksam på fjellsprekken i øvste del av platået.
Via Ferrataen har nettopp opna for at folk fritt kan klatre opp. Før måtte ein ha guide, noko ein stadig kan velje å ta i bruk.
Ålfotbreen er den vestlegaste breen me har i Noreg, og ligg rett ved foten av Bremanger. Er du geologiinteressert er dette eit paradis utan like! Tre turar i området:
Hope – Gjegnabu (DNT-Hytte) – Gjegnen
Grøndalen – Blåbrebu (DNT-hytte)
Gullsmedhytta og Huldrefossen ned frå Skarvevatnet. Eit noko utilgjengeleg turmål for mange. Keipen turlag arrangerer turar hit.
Noen skatter må du lete litt etter. Om du går opp 1000 høydemeter, og finner veien over svaene, dukker Gjegnabu opp som en perle mellom fjellhyllene.
Dagsturhytter
Veten er eit fjell med ei moderne dagsturhytte, Vetehytta, på toppen. Stien går frå parkeringa på Grotlesanden. Hytta ligg 527 moh med utsikt over Bremangerlandet. Det tek om lag to timar å gå opp og er jamn stigning frå havnivået.
Dosabu er ei stormbu plassert heilt på toppen av ei klippe rett over havgapet. Parkeringa finn du inst på vegen til Nesje på øya Frøya. Stien frå Nesje er 3 km, eller så kan ein velje å gå frå Kalvåg, då blir det 6,5 km.
Frå Nesje er det ikkje veldig bratt, og du går i flott røsslyng nesten heile vegen. Bua er bardunert godt med tjukke stålvaierar, og inni hytta er det koselege putetrekk og litt slik zen-stemning. Eit par andedrett der kurerer i alle fall høge skuldrer. Det går an å telte ikkje langt unna parkeringa.
Strender
Vetvika
Vetvika er ein absolutt «burde dra»-strand, og som kan tenkjast er mykje av grunnen til kvifor Bremanger vert kalla for «Vesle-Lofoten».
Lengde: Rundtur frå parkering på Svarstad: 15,9 km.
Det går ein svingete bratt grusveg opp mot ein fjernsynssendar, som el-syklistar godt mogleg kan sykle på. Derifrå går ein inn på godt merka sti til ein kjem til Rabben, og eit skilt,etter ein times tid frå parkeringa. Tek du til venstre kjem du til høgda over Vetvika. Der er det ein vanvitig flott utsikt!
Om du tek til høgre ved skiltet, får du ein litt lengre veg å gå, men ikkje like bratt. Har du tung sekk og vonde kne er denne vegen betre. Her får du flott utsikt mot Måløy og ein flott marsj langsmed Solheimsvatnet, før Vetvika brer seg ut framom deg.
Du kan velje å gjere turen på ein dag, eller ta med telt og primus for ein verkeleg flott naturoppleving. Kan vere smart med myggnetting til kvelden.
Dagstur frå parkeringa på Svarstad:
Enten vel du rundturen, eller stien til utsiktspunktet. Her kan ein velje å seie seg nøgd frå utsiktspunktet, eller ein kan gå den litt brattare stien heilt ned til stranda. På veg tilbake kan du gå same veg, eller rundturen på 15,9 km.
Alternativ Iglandsvik til Vetvika: 8,9 km.
Dette er også eit alternativ med to ulike startpunkt. 1) ved skilt på Iglandsvik ytre eller 2) frå Havly, via privat gardsveg til utmarksled mot fjellpartiet Omnen. Om du vel denne turen kjem du til Steinfjellet, som er øya sitt høgste punkt på 681 moh.
Grotlesanden ligg rett ved vegen og er ein veldig lågterskel strand å besøke. Syklar du i området, er dette ein avstikkar å unne seg. Camping er ikkje lov med korkje telt eller bil, men det ligg ein campingplass eit lite stykke unna som heiter Iglandsvik Marina.
Frå Grotlesanden kan ein også gå til dagsturhytta Veten. Følg skilt.
Visste du dette?
• Det er fleire hjortedyr enn folk i Bremanger.
• Hornelen er Europas høgaste sjøklippe.
• Ålfotbreen er breen i Norge som ligg lengst vest.
• Bremanger vert kalla for «Vesle Lofoten».
Overnatting
Ynskjer du deg litt luksus er Knutholmen i Kalvåg verdt eit besøk. Uansett om du søv der eller ikkje. I Kalvåg finn du også Kjelstad feriehytter og Kalvåg feriehytter.
I Iglandsvik kan ein overnatte på Iglandsvik Marina eller på Havly Bed & Breakfast. Her kan du dessutan overnatte i pods.
Teltplassar og parkeringar innanfor allemannsretten, hugs sporlaus ferdsel.
Det er moglegheiter for å dra på sjarkfiske og krabbefiske.
Om du er heldig får du sett havørna på tett hald, også.
Kultur
• RockWeekend er ein festival i Iglandsvik som vert arrangert andre helga i juli kvart år, fyrste gongen i 1982.
• Kalvåg Kystfestival er ein lokal festival med musikk, mat og artige konkurransar.
• Galleri Torsheim i Kalvåg opna i 2022. Her finn du Oddvar Torsheim sine mange surrealistiske kunstverk med ein artig og leiken strek.
Hoddevik på Stadt er et av Norges mest populære reisemål for surfing på høsten, sommeren og våren. Her får du oversikt over camping, overnatting og surf.
Mange kjenner topptureldoradoet Nordfjord. I siste episode tar vi skia på ryggen og utforsker fjellene i Ålfoten.
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
Billigst
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.