I Sunnfjord går ein svært uvanleg og snøfattig vinter mot slutten, samtidig som våren møter oss med kvitt pudder langt nedover liene. For første gong på lenge skin sola frå blå himmel mot kvite, snøkledde fjelltoppar. Det er måndag, og måndag betyr jobb, skule og barnehage, men slutten av mars betyr også lange, lyse kveldar. Denne ettermiddagen må jazzballetten vike, leksene får for ein gong skuld vente og middagen blir brødskiver slukt i all hast. Familien skal på vårtopptur, og David på fem skal for første gong prøve «villsnøkøyring» på slalåmski ned bratte fjellsider. Vi et, skiftar klede, festar feller, kokar kakao og pakkar utstyr på ei og same tid. Kjøkkenet er eit kaos, gangen eit katastrofeområde, men iveren og turlysta er på topp hos alle, frå minstemann på fem til den eldste på snart 50! Vi har lykke i vente!!!

«Vi et, skiftar klede, festar feller, kokar kakao og pakkar utstyr på ei og same tid.»