Ringsdalsgrotta

En isgrotte er ikkje sjelden. Men at det er mogleg å gå inn er ikkje kvardags. Vi gjekk inn i isen.

Sist oppdatert: 23. august 2019 kl 07.00
Tarjei Byrkjeland Aasen studerer strukturane i isen
Tarjei Byrkjeland Aasen studerer strukturane i isen. Foto: Vegard Aasen
Lesetid: 3 minutter

I Hurrungane i Jotunheimen finn vi noko av den råaste og vakraste naturen vi har i Noreg. Isgrotte, spisse tindar, frodige dalar, isbrear, fjellvåk og villrein. Ringsdalen er ein av stadene som det verkeleg er verdt å sjekke ut. No er det dukka det opp endå ein grunn.

Ei 200 meter lang isgrotte vart oppdaga av eit turfølgje som var på veg til Ringstind. Slike grotter, eller tunnelar, vert danna av smeltevatn som renn under breane. Ringsdalsgrotta, som ein finn om lag fire kilometer gange inn dalen, ligg i ei endemorene som vart danna då breen var større. Delar av isen har blitt liggande under lausmassane i morena, og blir godt beskytta mot vidare nedsmelting. 

UTE takker for turen
I løpet av året legges utemagasinet.no ned. Vemodig, ja, men satsingen vår fortsetter med enda mer fokus på bratt friluftsliv på friflyt.no. De viktigste testene og reportasjene blir med videre til Fri Flyt, så kikk innom framover.
 

Relaterte artikler

 

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen