HURRUNGANE: Haust i Vest-Jotunheimen. Foto: Ståle Aklestad.
Lesetid: 3 minutter
NOKRE FJELL ER MEIR FJELL ENN ANDRE FJELL
Diktet av Stein Mehren stod i norskboka på vidaregåande, og har brent seg fast. For det finst slike fjell. Fjell som er meir fjell enn andre fjell. Dette er ei forteljing om slike fjell. Ei forteljing om tre haustdagar i Hurrungane. To menn på eventyr. Og ei steinbu under kjempane.
Hytta på Bandet er ei lita steinhytte plassert midt mellom veldige voktarar i Jotunheimen. Med klatrehistorie i taket og veggane og golvet. Vi må grave oss gjennom snøen for å kome inn. Det er iskaldt, den som vil fyre opp må bære veden sjølv. Men kven treng varme under slike fjell? For no byrjar magien.
Først omrisset av fjella over oss. Drivkvite fjellveggar plastra med snø kjem langsamt til syne, lysande i kvelden. Store Skagastølstind rett over oss med ei heilt uimotståeleg dragning. Og dei første stjernene på himmelen. Feberen forsvinn med skydekket.
GOD DAG: Morgonskodda ligg over Midtmaradalen. Foto: Ståle Aklestad
Denne dalen som er eit heilt naudsynt stykke landskap mellom gigantane. Elva som slyngjer seg nedover, den fullkomen u-forma, dette rolege og fredfulle midt i det ville. Eg kjenner dragninga, kanskje byrjar eg å bli eldre. «Min Sjæl er nu mettet af den, og jeg lengtes efter den dype Dal», for å sitere Mohn. Men ikkje heilt enno. Og ikkje denne gongen. For vi skal til fjells.
Det spissar seg til slik deft ofte gjer i Hurrungane. Foto: Ståle Aklestad
Vi brukar to timar på ein passasje som vi ville gått usikra om sommaren. Men terrenget er likevel innanfor komfortsona, isøksene finn stadig nye tak i fjellet, og skodda leikar med oss. Det er så varmt at det dryp frå alle overheng, og vi fyller vassflaskene med haustens første, nysmelta snø. Så kjem den største utfordringa.
Eit ti-meters sva dekt av snø, og tilsynelatande utan sprekker. Etter å ha lista oss opp ei lita rampe og skrapa ein heil del kvadratmeter sva reint for snø finn vi til slutt ei lita grop der den eine øksa heng fast så lenge ein belastar henne. Eg har den ære å vere i den spisse enden, og stånde på økseskaftet får eg laga til eit nytt tak ved å legge akkurat passe kram snø på svaet, klappe det til og håpe at det held. Etter litt styr får eg også fiska med meg øksa som heng att nedanfor, og det dukkar opp ei ørlita sprekk innanfor rekkevidde. Vi kjem oss opp.
Nestnørdre Midtmaradalstind. Foto: Ståle Aklestad
Kanskje ikkje så kjend som dei store toppane rundt, men den får likevel Vidar Innselset til å minne meir om ein maur enn eit menneske der han kryp oppover toppryggen. Og det er slik vi kjenner oss: Som to lukkelege småkryp som kravlar rundt i den nye vinterpelsen til ein forsteina drage
Nokre dagar er ein der ein ynskjer å vere. Foto: Ståle Aklestad
Det finst ikkje eit menneske i fjellet utanom oss, og framfor oss kneisar Store Austanbotntind og den umiskjennelege kremtoppforma til Store Ringstind. Medan skodda stig opp frå ingenting og løyner og avdekkjer landskapet i eit stadig skiftande bilete.
GOD NATT: Eg legg meg ute denne siste natta for å sove i lyset frå stjernene. Foto: Ståle Aklestad
Neste morgon viser det seg at vi ikkje har vore åleine her oppe. Ein hare har kryssa Bandet i løpet av natta. Han skulle nok til Midtmaradalen.
Medan vi skal heim. Eller attende, i alle fall. For det kjennest ut som vi er heime.
Allerede abonnent?
Med magasinKun digitalt
99 kr/md i 12 md*
+ 8 utgaver av Fri Flyt magasin
119 kr/md i 3 md*
+ 2 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 6 eller 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden. Fornyes automatisk hver måned etter bindingstiden.
Er du under 28 år?
Da får du halv pris på Fri Flyt.
Slik fungerer det:Betal med Vipps, del fødselsdatoen din med oss og få halv pris fram til du fyller 28 år. Når du har fylt 28 år endrer vi til vanlig pris, og sender deg et varsel i forkant.
Alle abonnement fornyes automatisk til ordinærpris. Kanseller når du vil, men senest 48 timer før fornyelse. Se Fri Flyts bruker- og abonnementsvilkår her.