ROMAN: Stein Torleif Bjella har debutert som forfatter. Foto: Presse
Lesetid: 3 minutter
Fiskehuset er debutromanen til Stein Torleif Bjella.
Å, for ein litterær fest!
Øvre Ål sin store sønn og Norsk Villfiskfestival sin grunnleggjar kaster seg ut på opprørt fjellvatn med ein romandebut spekka med herleg arrige heidersmenn og sjølvkomponert oppskrift på gode liv.
Tematikken i romanen Fiskehuset er så typisk Stein Torleif Bjella at omslaget knapt treng forfattaren sitt namn: Her er generasjonsskifte og heimfødingar, kjærleik og aldring, kunst og hardt levd liv – alt fletta så tett og ordknapt saman at kvar side er rik som ei novelle.
Rama kring det stille dramaet til Bjella er ei veke haustfiske på aurevatnet Storsenn, eigd og forvalta av familien Aal i generasjonar. No er hovudpersonen sin onkel, Ivar Helgesson Aal, på veg heim for å døy – men fyrst etter at Jon Aslesson Aal har fått ei grundig og gjennomgripande innføring i forvalting av fiskevatnet han skal føre vidare i slekta. Slik blir det mykje fyrsteklasses rakfisk av – og herleg kvasse dialogar og refleksjonar om levd liv og beisk lære.
Å lese den bastante monologen til onkel Ivar på syngjande skarp halling, krydra med den 47 år gamle onkelungen si indre sjølvransaking og tilsvar, er ein sann svir.
DEBUT: Stein Torleif Bjellas debutroman.
Dei korthugde setningane og bastante livsvisdomen til Ivar sendar tankane til både vikingsagaer og Hemingway. «Det er når du takka nei til meir, fysst då er du eit rikt menneske. Det må du trene på heile livet», postulerer onkelen. «Fleire gonger har eg trøsteshoppa. Det var til stor hjelp», funderer hovudperson Jon.
Og bakom syng skogane. «Fiskehuset» rommar naturskildringar og formidlar kunnskap nedfelt gjennom generasjonar på så truverdig og varmt vis at Mikkjel Fønhus venteleg nikkar anerkjennande frå dei øvre luftlag.
Eit nikk og til illustratøren, som har designa eit bokomslag som åleine lyfter innhaldet til nye høgder – og djup.
Den Store Endringa i livet til bygdehipster og heimføding Jon Aslesson Aal inntreff etter at «Fiskehuset» gjennom heile veka på haustfiske har bygd seg sakte opp mot sitt stillfarande klimaks. Historieforteljaren Bjella byggjer kløktig opp til eit crescendo som med ei einaste setning sendar både Jon Aslesson Aal og forteljinga i uventa retning. Dei siste sidene av «Fiskehuset» er så handlingsmetta at det kunne vore ein roman i seg sjølv – med eit punktum der den blauthjarta bygde- og kvardagsromantikaren Bjella går Disney ein høg gang.
«Skriv ein song om det du, Jon», er mantraet til onkelen Ivar Aal gjennom veka på Storsenn.
Skriv ein roman til du, Stein Torleif Bjella.
Stein Torleif Bjella skal forøvrig ha konsert på High Camp Vatnahalsen 2022.
Allerede abonnent?
Med magasinKun digitalt
99 kr/md i 12 md*
+ 8 utgaver av Fri Flyt magasin
119 kr/md i 3 md*
+ 2 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 6 eller 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden. Fornyes automatisk hver måned etter bindingstiden.
Er du under 28 år?
Da får du halv pris på Fri Flyt.
Slik fungerer det:Betal med Vipps, del fødselsdatoen din med oss og få halv pris fram til du fyller 28 år. Når du har fylt 28 år endrer vi til vanlig pris, og sender deg et varsel i forkant.
Alle abonnement fornyes automatisk til ordinærpris. Kanseller når du vil, men senest 48 timer før fornyelse. Se Fri Flyts bruker- og abonnementsvilkår her.