/ Løping

Å springe lenger enn langt

Fjelløper og rando-stjerna Malene Haukøy om å gi seg sjølv nye utfordringar og setje seg hårreisande mål.

Sist oppdatert 20. juni 2019 kl 19.32
malene haukøy fjelløping
NYTT SPRANG: Ei pirrande stemme i hovudet seier: «Dette var noko nytt. Aldri prøvd å springe så lang. Kor ille kan det vere? Gøy å ha gjort det!»

MALENE HAUKØY

12-06-42_lightboxorg

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på randoeee-landslaget. Hun bor og trener i Sogndal og er fast på UTEs blogglag.

Livet er dynamisk og i stadig endring. Det som før var daglegdags er no vorte historie og nye rutinar vert etablerte.

Stabilitet er for mange det trygge, og ein tviheld på det gode gamle. Eg trur likevel det er viktig å gi seg sjølv nye utfordringar både for å utvikle seg, men også for å unngå kvardagsfella der alt blir på jamne, verken botn eller topp.

Me treng alt, både det stabile, oppturane og nedturane.  

Eg har dei siste åra vore flink til å utfordre meg sjølv. Diverse langløp på ski i høgda har vore utfordrande for ei låglandsrype frå Noreg, verdsrekorden i tal høgdemeter på eit døgn og Sognefjorden på langs talar for seg.

Ingen av desse utfordringane var enkle å gjennomføre, og langt ifrå noko ein gjer til kvardags. Større og mindre utfordringar stiller krav til fokus, førebuing og hard jobbing.

Ein må bevege seg langt utanfor komfortsona, kjenne på smerte, usikkerheit men og meistring og forbetring.

Eg er nok ikkje veldig bevisst på å utfordre meg sjølv, men vert nok snarare lokka inn i nye eventyr av mi indre nysgjerrigheit. Slik set vert kvardagen aldri traust og keisam, det er alltid nye mål og planar som kverner i hovudet.  

«Eg er nok ikkje veldig bevisst på å utfordre meg sjølv, men vert nok snarare lokka inn i nye eventyr av mi indre nysgjerrigheit.»

Livet mitt ville vore relativt fargelaus utan desse eventyra. Sjå for deg fjella og naturen som eit lerret. Saman med kroppen målar eg fargerike bilete i livet som gir variasjon, minner og glede. Desse bileta er klårast undervegs i eventyret, men likevel er det mykje som sit att mange år etter dei vart gjennomførte.

Eg valde å farge denne sommaren svært så fargerik. Ein ny, overveldande utfordring står på programmet, Grossglockner Ultra Trail. Ikkje mindre enn 110km og 6500hm er dette løpet, omringa av dei austerrikske alpane på mellom 700-3000moh. Fjella i området er spektakulære og verdt ein tur i seg sjølv, men om eg skulle pakka med meg ein stor sekk, tunge fjellsko og termos ville denne turen teke meg nokre dagar. Det ser eg meg ikkje tid til denne gongen.

Dei siste åra har eg delteke på nokre av dei tøffaste løpa i verdscupen i fjelløping, samt perler her heime i Noreg. Eg vil ikkje seie eg er lei av desse løpa, men motivasjonen min trengde noko nytt. Det er ein tiltrekkande følelse å gå inn i noko ukjent. Kjenne på usikkerheita ved å ikkje vite. Min nysgjerrige korttidshukommelse seier lett ja. Tilsvarande prosjekt som kravde enormt mykje av meg, og som eg lova meg sjølv å ikkje gjenta, vert enkelt viska ut av nysgjerrigheita.

Ei pirrande stemme i hovudet seier: «Dette var noko nytt. Aldri prøvd å springe så lang. Kor ille kan det vere? Gøy å ha gjort det!»

Eg har løpt mykje lange løp, og veit i stor grad korleis det kjennes ut å kjempe med følelsen av å vere fullstendig utmatta. Likevel blir dette eit heilt nytt «level» av trøttheit. Heile 40 kilometer lenger enn mitt lengste løp, Hornindal Rundt kor eg var overtydd om at dette var alt eg kunne makte! Nokre år har gått sidan det, og eg er forhåpentlegvis sterkare både fysisk og mentalt. I tillegg til at Grossglocker Ultra Trail er eit stygglangt løp går det i høgda kor eg kjem til å opphalde meg mykje tid på 2000-3000 moh. Dette er ikkje favoritthøgda mi, og eg kjem til å reise direkte ned til start utan noko tilvenning. Det vert nok ein kamp om lufttrykk og oksygen, men eg skal fokusere mist mogleg på problem eg ikkje får gjort noko med!  

Det er i overkant av ein månad til start, 26. juli klokka 22:00 brakar det laust i Kaprun ved foten av Grossglockner nasjonalpark. Eg har ærleg vore usikker på om eg bør prioritere lange økter på lågare intensitet som vert meir like dette sinnsjuke prosjektet? Eller om skal eg fokusere på fart og kortare økter? Eg har vald å gå for det siste alternativet. Eg stoler blindt på at kroppen er budd på 110 kilometer i fjellet. Store treningsmengder er gir auka skaderisiko, det er det verste som kunne skjedd. Difor blir det 1-3 lengre økter (30-40km) før Grossglockner, og elles trening med overskot. Denne filosofien er for meg utfordrande spesielt i perioder med godt vær, og kor kroppen kjennes lett. Eg er vand med å trene mykje grunna abstinensar og ei indre stemme som til stadigheit oppfordrar til å komme seg ut. Denne månaden skal eg la rastlausheita komme, ignorere marken som kryp og heller prøve å nyte litt meir restitusjon. Kanskje få meg ein stillesitjande hobby?

«Eg er vand med å trene mykje grunna abstinensar og ei indre stemme som til stadigheit oppfordrar til å komme seg ut.»  

Kor kjekt er det ikkje å meistre noko slikt? Krysse mållinja etter 15-20 timar ute i fjellet kor beina knapt kan bere ein? Det kriblar ved tanken på dette!

Om alt går etter planen skal eg få fullføre mitt første løp over 100 kilometer. Eg kjem til å måtte grave djupare enn djupt, bryte eigne barrierer.

Ein veit ikkje kva ein er kapabel til før ein har prøvd!

Meir av Malene 

Publisert 20. juni 2019 kl 19.32
Sist oppdatert 20. juni 2019 kl 19.32
annonse
Relaterte artikler
annonse
Lokket til seg eliteløperne

Høstløping i Hemsedal

løping i fjellet
Stiløpeturer – turtips

Forslag til fjelløpeturer i Norge

NNormal Kjerag
Testet: NNormal Kjerag

NNormal Kjerag

jotunheimen trail run
Jotunheimen Trail Run

Nytt fjelløp i Jotunheimen

Inov-8 Trailfly Ultra G 280 test
Test av Inov8 Trailfly Ultra G 280

Inov-8 Trailfly Ultra G 280

Xreid 2013-2023

Når leken er god

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue