/ Løping

Sommarens sprang så langt

August ruslar og går, og vips bankar september på døri. Tre halvlange fjelløp har eg karra eg gjennom, og to seige gjenstår.

Sist oppdatert 31. august 2017 kl 09.39
Foto: KiIian Jornet
Foto: KiIian Jornet

UTE-BLOGGEN

Skjermbilde 2017-08-31 kl. 11.24.30

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og tilhører landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag

Det er omsider slutt på sosiale arbidsdagar på Turtagrø, og dagleg håp om ein varm og fin sommar. Sommaren kan oppsummerast med vått og grått. Midten eller slutten av august betyr skulestart og vikarjobb som lærar for min del. Kort sagt er sommaren over, og eg flyttar håpet frå ein varm sommar til at me får ein fargerik og flott haust. 

Til tross for til tider triste forhold på Vestlandet har eg vore på mykje flotte turar og delteke på dei konkuransane eg hadde sett meg ut. Det er ein god følelse å klare å gjennomføre det ein har sett seg som mål, og ekstra kjekt når det går bra.

LES OGSÅ: Dette er Malenes favoritt-løpetur

IMG_1868
IMG_1868

Det gjeld å utnytte dei få solskinnsdagane! Her frå sommarens finaste eventyr, klatretur/langtur frå Tjugatoten til Keipen i Balestrand med utsikt over Sognefjorden. 

IMG_1814
IMG_1814

Frå ein klaustrofobisk heit dag i Slovakia. Men når enden er god, er all ting godt. 

Eg innvia sommaren og dei lange løpa med to motbakkeløp, Storehauge Opp i Lærdal og smertefulle Trappeløpet i Høyanger. Undervegs der skjønte eg kvifor eg har lagt motbakkeskoa på hylla, eller rettare sagt aldri vorte heilt bitt av basillen. Det var berre vondt! Lykken og smilet kom sant nok på toppen, men tida før hadde få eller ingen lysglimt.

I tillegg til desse brutale møta med mjølkesyra jobba eg desperat gjennom heile Juni for å kvitte meg med skilåra og bygge opp løpeleggane. Det gjekk sånn passe bra, og det såg mørkt ut ein liten periode. Iveren tok overhand og eg småsleit med ein liten betennelse under foten delar av Juni/Juli. Takka vere alternativ trening, god behandling (trykkbøge) og omsider fornuft kom eg meg opp av dritten og har sidan mitt fyrste fjelløp, Hornindal Rundt, ikkje kjent noko til problemet. Konklusjonen er at det ikkje hjelp å lukke auge, problemet forsvinn ikkje sjølv kor høgt ein ynskjer det. 

Hornindal Rundt vart i kortversjon dette året, "berre" 37 kilometer, men det gjekk fint og eg sit no med løyperekord både på den korte og lange løypa. Veldig stas!

Neste løp på programmet var sjølvaste Tromsø Skyrace. Ei av landets beste ultraløparar, Hilde Aders frå Tromsø, spurte meg kvifor eg ynskja å slite meg gjennom dette løpet for tredje gong? Sanninga er at eg hadde gløymt kor sinnsjukt tungt det var! Min selektive hjerne har vald å ta vare på det positive frå fjoråret, og fortrengt kor sliten eg var. Dermed fekk eg ein mental kamp i Tromsø. Det er lenge sidan eg har måtte grave så djupt, men det var verdt det! I år fekk med til og med sett utsikten og løypa. Eg kom i mål som nr. 4, men beste norske. Det var ein fryktelig tung dag, men eg kom meg i mål 13 minutt fortare enn året før, og i startfelt med svært gode internasjonale løparar. Det må vere lov å vere nøgd med det.

IMG_1812
IMG_1812

Frå nydelige Tatrafjella på grensa mellom Slovakia og Polen. 

Min nysgjerrigheit og eventyrlyst fekk meg til å takke ja til Skyrace i Slovakia nærmare bestemt i Tatrafjella. Litt av moroa med å drive idrett er alt eg får sett på vegen, så når denne moglegheita dukka opp bad eg på mine kne for å få med sambuaren på ein aldri så liten ferie til Slovakia og Polen. Han vart med, og det heile vart ein minnerik opplevelse. Tatrafjella er nydelige, høgden overkommelig og terrenget kjekt. Vi var 200 spente deltakarar til start ved foten av nasjolaparken. Utover i løpet fant eg meg ei inkluderande gruppe på 5 der ingen andre enn meg snakka engelsk, og saman svetta vi oss gjennom ein lang og varm dag til fjells. Det var store kontrastar til 10 grader og regn her heime i Sogn, og for min del var varmen ei stor utfordring. Eg låg lenge som nr.2, og eg synest det gjekk trått. Maten ville ikkje ned, men Cola og Farris gjekk det stort av, men som så mange gongar før var eg sterkast mot slutten, og den siste biten ned til mål bestod av 1000 høgdemeter i nokså teknisk terreng. Da var det berre å dundre på ned til mål. Eg hadde knapt bikka toppen før eg låg fyrst og motivasjonen steig til vers i takt med energien og farta.

Det er det heile eg har rekt så langt. Det er ikkje mykje, men det tek tid å komme til hektene igjen.

Ved sidan av å prøve å spare meg opp nokre slantar som lærar her i Sogndal, prøver eg å gjere alt rett før dei to siste konkurransane på programmet sommaren 2017. Fyrst Trollheimen Fjellmaraton på Oppdal og 6 korte dagar etter Glen Coe Skyline i Skottland. Det betyr nokre gode treningsveker fram mot Oppdal, før eg legg beina høgt og sparer på kruttet mellom dei to konkurransane. Glen Coe vert den store finalen på så mange vis. Konkurransen trekk store internasjonale løparar og eit tøft startfelt, i tillegg er terrenget meget teknisk, og i periodar klatring. I fjor var eg ein blanding mellom skrekkslagen og fascinert. Eit utrulig tøft løp i ville omgivnader.

IMG_1569
IMG_1569

Da er det berre å snøre skoa og komma seg ut, eventyra og formen kjem ikkje av seg sjølv! 

LES OGSÅ: Ta vare på piffen

Publisert 31. august 2017 kl 09.39
Sist oppdatert 31. august 2017 kl 09.39
annonse
Relaterte artikler
annonse
Lokket til seg eliteløperne

Høstløping i Hemsedal

løping i fjellet
Stiløpeturer – turtips

Forslag til fjelløpeturer i Norge

NNormal Kjerag
Testet: NNormal Kjerag

NNormal Kjerag

jotunheimen trail run
Jotunheimen Trail Run

Nytt fjelløp i Jotunheimen

Inov-8 Trailfly Ultra G 280 test
Test av Inov8 Trailfly Ultra G 280

Inov-8 Trailfly Ultra G 280

Xreid 2013-2023

Når leken er god

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue