Tilrettelagt friluftsliv

– Spørsmålet er om naturen berre skal vere til for dei flinke, raske, friske og glade menneska, lurer Fredrik Sigurdh i denne kronikken.

Sist oppdatert 10. september 2015 kl 13.10
Fredrik Sigurdh meiner det er dei best tilrettelagte turistdestinasjonane som blomstrar i Noreg. Kva meiner du? Foto: Sandra Lappegard
Fredrik Sigurdh meiner det er dei best tilrettelagte turistdestinasjonane som blomstrar i Noreg. Kva meiner du? Foto: Sandra Lappegard

Mount Everest. Eit fjell, ei legende, som lokkar til seg mange tusentals turistar kvart år. Alle tek ikkje den lange og tunge vegne til toppen. Men alle flyg til Lukla flyplass, som vart bygd med det føremålet å ta imot besøkande turistar frå Katmandu, til ein stad som ligg i høveleg avstand frå Mount Everest base camp. Her vandrar turistar på opptrampa stiar. Vart det bruk for ei bru eller ein utsiktsplass, vart det tilrettelagt for mange årtier sidan. Turistane vandrar kun med lett dagsekk, og alt anna utstyr ber sterke lokale krefter. På eit av dei mange tehus langs stien til base camp, et dei maten dei treng på turen. 

LES OGSÅ: Everest - en farlig arbeidsplass

Nepal er eit land som mange vandrarar drøymer om å reise til. Det å vere i eit miljø der nokre av verda sine høgaste fjell er svært nærverande, og å oppleve det dei gjestfrie menneska i ein av verda sine mest spennande kulturar tilbyr, vert eit minne for livet. Inntekta frå den tilrettelagde turismen, er Nepal sin livsnerve. I Dagens Næringsliv 03.09.15 kan ein på side 31-33 lese ein artikkel om tilrettelagd turisme i den svenske nasjonalparken Fulufjället. Dette konseptet er ein kopi av liknande og vellukka satsingar i USA. Fulufjällets Nasjonalpark representerer ei nytenking i svensk nasjonalparksforvalting og turismeutvikling.

Området er delt inn i fire ulike opplevingssoner, der dei har tilrettelagt for besøkande med platformer for god utsikt, trapper, grusstiar, benkar der ein kan kvile seg, kvilestover til bruk i dårleg ver og mykje meir. Friluftslivet og turismen har utvikla seg både i og rundt om nasjonalparken, og mange land har gjennomført besøksstudier der. Sverige sin Kong Carl Gustaf XVI opna Fulufjället nasjonalpark i september 2002. I dei omfattande diskusjonar før dette, handla det om korleis parken skulle bli eit førebilete for moderne forvaltning, og ikkje minst korleis turisme og naturvern skulle utviklast hand i hand. Fleire var med på utviklinga av parken, blant anna fylka, kommuner, WWF og representantar frå besøksnæringa i området.

LES OGSÅ: Breheimen - den andre siden

Om vi ser på område der turismen har blomstra i Noreg, er dette destinasjonar med tilrettelegging for turistar. Dette er utviklingsprosjekt som har skapt stor merksemd langt utanfor Noreg sine grenser.

* Trapper og stiar bygd rundt om i norske fjell, langs fjordar og opp på fjelltoppar

* Via Ferrata i Loen trekker til seg tusentals besøkande kvart år

* Utsiktspunkt med spektakulær utsikt, som ved Trollstigen, Gudbrandsjuvet, Vøringsfossen, Romdsdalseggen og mange andre stader

* Bessegen med både parkering og båt tilrettelagt for den vakre fjellturen

* Flotte skianlegg som Stranda, Trysil, Hemsedal og Voss med fleire, populære for utandørs aktivitetar både sommar og vinter

Ikkje minst har turismen nord for Polarsirkelen fått et sterkt oppsving av lokale turistbedrifter, der dei har skapt nære og lette turistopplevingar i vakre naturomgjevnader. Dette takka vere god forvalting av moglegheitene som Hurtigruta byr på

«Spørsmålet er om naturen berre skal vere til for dei flinke, raske, friske og glade menneska? Desse som utan problem finn sin urørte fjelltopp, kledde i sine kompresjonstights, for optimal prestasjonseffekt.»

Mi personlege erfaring med gode naturopplevingar strekker seg så langt tilbake som eg kan hugse. Framfor alt var eg nesten alltid utanfor allfarveg. Eg klatra i tre og fjell, fiska, symde og bada i vatn og hav. Eg sprang i skogen, sykla på små stiar og stod på ski. For to veker sidan sprang eg omkring blant vakre tindar og fjell på Sunnmøre, med utsikt ned til Hjørundfjorden og Standal.
Så skjedde det noko.
Eg fekk eit problem med ryggen for ei og ei halv veke sidan. Eg kom meg fram i fjella, men med noko umak. Kiropraktoren seier at det kan vere prolaps, og om eg er heldig er det berre ein nerve som har kome litt i klemme. Likevel, eg har fått kjenne på korleis det er å vere litt skrøpeleg i ein alder av 42 år. På kjøpet med mitt nye ryggproblem, fekk eg ein tankevekkar, og noko rørte ved mi innstilling til omverda
Spørsmålet er om naturen berre skal vere til for dei flinke, raske, friske og glade menneska? Desse som utan problem finn sin urørte fjelltopp, kledde i sine kompresjonstights, for optimal prestasjonseffekt.

Eg siterer frå DN, 03.09.15 side 33:
«Når man åpner for å tilrettelegge for en bestemt opplevelse, fjerner man samtidig andre opplevelser. Det gjør naturen flat og forutsigbar. ....... Og når man går på en sti som er plantet med grus, så vil lyden overdøve opplevelsen av det rundt deg. I tilrettelagt natur trenger man ikke ta ansvar, man kan stå utenfor og kikke inn, men man blir aldri en del av den.» - Annette Bischoff, forsker og institutt leder, Høyskolen i Telemark
Bischoff påstår og at det er lite bruk for tilrettelegging, og at den amerikanske modellen for tilrettelegging i naturen er feil veg å gå.
Eg spør «For kven?»
Ja, eg var enig med Annette om alt dette, men det var før eg fekk problem med ryggen. For tre dagar sidan kunne eg ikkje gå til postkassa, ei strekke på om lag 40 meter. No er eg mykje betre.

LES OGSÅ: Friluftslivet i endring

Det kan vere eit viktig arbeid for destinasjonsselskap, turistnæring, fylkeskommunene, DNT og kven det måtte vere, å vise veg og vere utviklande med tanke på tilrettelagt turisme, for ei veksande gruppe menneske som kjem hit for å vitje Noreg sitt vakre landskap. Personleg trur eg at spesielt alle destinasjonsselskapa (organisasjonar som prøvar å marknadsføre og finne nye vegar i ein stadig vanskelegare kvardag) kan vere dei som viser vegen til ei ny satsing i norsk turismeutvikling. Turistkontora har tidlegare vore ein opplysingssentral for lokal informasjon, medan dei no er profesjonelle konferansearrangørar og -besøkarar, der lite og i mange høve ingenting vert skapt.

«Start med å gløyme konferanser og møter. Sjå i staden på kva verda gjer.»

Turistar i dag finn og brukar informasjon frå bloggar og forum, på hotel eller andre overnattingsstader, den lokale restauranten eller puben, hjå taxisjåføren, bussjåføren eller andre menneske dei møter som turist. Bøker som «Lonely Planet» og «Wilmaguiden» har framleis gode rettleiingar til komande turistar. Takka vere internett og profesjonelle nettsider for turistar, har destinasjonsselskapa mista grepet om turistane. Eg håpar desse selskapa kan finne sin plass att, og bli innovative og nyskapande. Start med å gløyme konferanser og møter. Sjå i staden på kva verda gjer. Kopier utvikling som kan og bør kopierast. Noreg har høvet, å plukke opp hansken er det vanskelege. Den og dei som vågar ta det første steget, vert alltid utskjelde. Men når den store massen ser at det går, føljer resten med. La ikkje små og sære interessegrupper styre framtida for korleis norsk natur og den stadig viktigare turistnæringa skal utvikle seg. Hadde berre vakker og urørt natur vore trekkplaster til Noreg, hadde vi runne over av besøkande frå heile verda. Eg byrjar å bli meir og meir overtydd om å la dei besøkande vise kva for ein veg denne utviklinga skal vandre.

Lukke til Noreg, framtida ligg i dine hender.

Oversatt fra svensk av Ragnhild Hoddevik.

Kronikk

Jobber i Training & Travel Sweden AB, Oppvokst i Småland, utdannet Guide for Skog, fjäll och Hav. Lang erfaring med friluftsliv året rundt, med alt fra den svenske Turistforeningens fjellstasjoner til destinasjoner i andre land. Han har også utdanning fra Hotell&Restaurang, og arbeidet i flere år som kjøkkenmester og kokk, og drevet egen restaurant i Norge og Sverige. Fredrik er forfatter og produsent på ulike bøker og artikler. Han har gjort prosjektstudier om extremsport/Adventureturisme i Norge, og bodd her siden 2006, både på grunn av naturen og kjærligheten. 

Publisert 10. september 2015 kl 13.10
Sist oppdatert 10. september 2015 kl 13.10
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen