Vinjerock gjenforener Gåte

Folkrockarane frå Trøndelag hadde rukke å legge instrumenta på hylla før Vinjerock såg dagens lys, men festivalleiinga gav aldri opp håpet om å få lokka dei til fjells likevel. På femte året lukkast dei endeleg.

Sist oppdatert: 15. desember 2009 kl 16.52
Lesetid: 3 minutter

– Det er ikkje reint få gonger eg har høyrt på Gåte og sett for meg kor magisk det ville ha vorte på scena mellom fjella på Eidsbugarden, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn oppglødd.
Etter fire års pause og massivt press frå fansen gjenreiste Gåte seg under studentfestivalen UKA i Trondheim i haust, og gjorde ein eineståande konsert framfor 5.500 begeistra publikummarar. Den gode kjensla i bandet var der, og saman med alle førespurnadane i etterkant gjorde dette til at dei no har takka ja til ein liten «sumarjobb» i 2010.
Eksklusiv konsert
Gåte understrekar at det slett ikkje er snakk om nokon permanent oppstandelse som band, men at det avgrensar seg til nokre særs få konsertar sumaren 2010, deriblant på rockefestivalen i fjellheimen. Bandet uttalar sjølve at dei gler seg enormt til konserten, og at Vinjerock var den fyrste festivalen som hamna på lista over aktuelle stader.
– Vi gler oss rått til å spele i sjølvaste Jotunheimen, og kan ikkje tenkje oss ein betre scenografi enn kolossane jotnane sjølv skapte i fjellheimen, skriv dei i ei melding.
Ungt band, lang historie
Sjølv om vokalist Gunnhild Sundli berre så vidt har runda 24 år går bandets historie ti år attende. Den fyrste fullengdaren, «Jygri», kom i 2002 – og Gåte plasserte seg umiddelbart som ein bauta blant norske artistar.
Den unike blandinga av gamle folketonar og rock med referansar til både metall og elektronisk musikk var eit friskt pust i det norske musikklandskapet, og dei var heidra med både platina og spelemannspris.
Oppfølgjaren «Iselilja» kom to år seinare, og held fram der det førre avslutta. Nyttårseftan i 2005 sette Gåte sjølve punktum, men til trass for den korte karrieren hadde dei rukke å opparbeide seg ein enorm fanskare, og ikkje minst vart dei kjende som ei forrykande oppleving live.
Rift om billettane
Vinjerock la tidlegare i veka ut eksklusive julepakker med «ølvøtt» og billettar i sin eigen nettbutikk, og rifta om desse var så stor at festivalens heimesider i ei periode vart umoglege å koma inn på. Det ordinære billettsalet skulle eigentleg ikkje byrje før i februar, men med Gåte på plass har leiinga valt å framskynde dette, slik at salet starta laurdag 11. desember.

Festivalsjefen oppmodar folk om å vera tidleg ute. – I år vart vi utselde i god tid før festivalen, og det er ingenting som tyder på at interessa er mindre framfor den komande. Når vi i tillegg reduserer talet på billettar med nokre hundre bør ein nok ikkje vente for lenge, konstaterer han, og røper samstundes at festivalen kjem til sleppe ein ny artist kvar dag i neste veke, i rein lykkerus over den overraskande førjulsgåva frå Trøndelag.
Vinjerock 2010 går av stabelen 22.-25. juli. Meir info på www.vinjerock.no

Publisert 15. desember 2009 kl 16.52
Sist oppdatert 15. desember 2009 kl 16.52
 

Relaterte artikler

 

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen