Skredekspertisen i NGI står bak Skredkonferansen 2009, sammen med Forsvarets Vinterskole, DNT, Røde Kors og Fri Flyt. Skredforsker Hedda Breien i NGI er sentral i arrangementskomiteen.
– Hvem er invitert til Skredkonferansen?
– Alle som er – eller bør vere interessert i skred er invitert til å komme på konferansen, dvs alle som ferdast i bratt, snødekt terreng i jobben eller på fritida! Det er meininga at konferansen skal samle folk og ressursane innan ulike skredmiljø. I staden for at dei ulike gruppene prøver å komme vidare kvar for seg ønsker vi å samle styrkane og skape eit felles miljø som er romsleg og inkluderande, men samtidig fagleg på høgde. Difor inviterast frikøyrarar, toppturfolk, friluftsfolk generelt, redningsmannskap, politi, og snøskredforskarar til ein samlande konferanse. Dette gjev ein samansetning der alle kan lære litt av alle.
– Hva vil vanlige frikjørere og toppturfolk få ut av konferansen?
– Bratt skiglede har blitt meir og meir populært og er snart ein folkesport. Då er det endå viktigare enn før at vi ser utfordringane og faremomenta, og at kunnskap om skred vert gjort lett tilgjengeleg. Ikkje berre bør ein som skikøyrar kunne vurdere kva risiko ein sjølv tek, men også kva risiko ein utset andre for, når naturen lokkar med pudder. Konferansen spenner over dei fleste aspekt innan snøskred. Ein får ikkje berre utveksle erfaringar, men også lære nye teknikkar innan redning, lære om varsling av skred samt høyre kva som skjer ute i den store verda innan skredforsking.
– Hva er bakgrunnen for valget av temaer, risiko og redning?
– Vi planlegg blant anna å ha stor fokus på risikohandtering i år. Utvikling av metodar for risikohandtering er eit veksande fagfelt, ikkje berre innan snøskred. Ikkje minst er evnen til å vurdere risiko og kjennskapen til og gjennomgang av risikoreduserande tiltak før ulukkene skjer, av stor betydning i forsøket på å minimalisere antal ulukker. I tillegg skal vi ha ein bolk om redning og redningstenesta. Her lærer vi slikt som skal til for å minimalisere skaden dersom nokon likevel skulle bli tatt.
– Pascal Haegeli og Dale Atkins er årets innledere. Hvem er de?
– Dette er to store namn innan snøskred, og begge er ihuga skifolk. Pascal Haegeli er sveitsar som har emigrert til Canada. Han arbeider blant anna med risiko og beslutningstagning innan snøskredproblematikk, og har sett at menneskelege faktorar er like viktige som kunnskap om det fysiske fenomenet snøskred. Dale Atkins har jobba med skredvarsling i Colorado i mange år, og er profesjonell innan skredredning.
– Hva har skjedd i Skred-Norge siden forrige konferanse?
– Førre skredkonferanse var i Lom i 2007. Dengong lærte vi ein masse om redning, men det var mindre fokus på det som kan minimalisere risikoen. Dei siste åra har dette blitt eit hot emne, som blant anna også blir eit tema under årets ISSW (International Snow Science Workshop) i Davos. Christian Jaedicke frå NGI vil forresten oppsummere skrednytt frå den store verda under Skredkonferansen. Elles har NVE fått ein ny og sentral plass innan skredforvaltninga i Noreg det siste året. Det blir spennande å sjå utviklinga innan skredarbeid framover!
Volda og Ørsta Røde Kors Hjelpekorps er teknisk arrangør av Skredkonferansen, som holdes i Ørsta fra 19. til 22. november.
![]() | ![]() |