Fjellet frister på Vinjerock

Fluefiske, toppturer og multisport er trekkplaster på linje med Bigbang og Bo Kaspers Orkester under årets Vinjerock på Eidsbugarden i Jotunheimen.

Sist oppdatert: 3. juni 2009 kl 11.35
Bekkespranget på festivalcampen. Foto: Iris Engen Skadal
Bekkespranget på festivalcampen. Foto: Iris Engen Skadal
Lesetid: 3 minutter

– I fjor fekk vi for alvor bekrefta det vi alltid har trudd, nemleg at dei som kjem til Vinjerock er der like mykje for fjellopplevingane som musikkopplevingane. Og det er noko vi kan leve godt med, gliser ein godt nøgd aktivitetssjef for Vinjerock, Hallgrim Rogn.

Under fjorårsfestivalen sende han ut over to hundre rockarar på alt frå kajakkpadling, via 2000-meterstoppar til ”fersking i fjellet”-kurs. I år håpar han at enno fleire vil nytte høvet til å aktivisere seg under festivalturen til fjells.

– Her kan du velje sjølv om du berre vil leike deg, lære noko heilt nytt, eller kanskje til og med presse grensene litt, forklarar Rogn.

Multisport
Den mest ambisiøse nyhenda på aktivitetsprogrammet i år er ei konkurranse som verkeleg utnyttar terrenget rundt Eidsbugarden til det yttarste.

– Vinjerock:Multisport vert gjennomført på laurdagen under årets festival, og det er ei tomannskonkurranse. Når startskotet går blir eit kart med innteikna postar utdelt, og laga lyt kjapt planleggje si løype. Totalt er det det tretti postar å velje mellom, og vinnarane blir dei som samlar flest poeng i løpet av tre timar, fortel Rogn.

Postane omfattar alt får padling og mjølkespannkasting til rappellering og reine passeringspostar.

Høgfjellsfiske
Blant dei andre nyskapingane i programmet går det fram at fisken i fjellvatna rundt Eidsbugarden bør vakte seg godt under festivalhelga. Vinjerock inviterar nemleg både til fisketur på fredagen, og flugefiskekurs på laurdagen.

– Det er vel ingen tvil om at fjellturen blir enno eit hakk artigare med ei høgfjellsaure på kroken, og fiske er noko dei aller fleste kan ha glede av, meiner ein over gjennomsnittleg fiskeinteressert aktivitetssjef.

Gamle godsaker
Sjølv om det finst mykje nytt i årets aktivitetsprogram, er hovuddelen framleis klassikarar frå dei tidlegare åra. Falketind og Uranostind får besøk av spreke fjellgeiter også i år, og for dei som ikkje samlar på toppar finst det flust av andre alternativ.

– I fjor køyrde vi tre fullteikna våttkortkurs i padling, to innføringskurs i klatring, fulle fotokurs og vi hadde nesten hundre deltakarar på fjellturane. Med slik respons avviklar vi ingenting, forsikrar Rogn.

I tillegg til lokale guidar og kurshaldarar er også Den Norske Turistforening ein sentral bidragsytar til aktivitetsprogrammet.

 

Påmelding opna
Moglegheita for å melde seg på dei ulike kursa opna på nettsidene til Vinjerock i morgontimane i dag, og skal vi tru arrangørane kan det vera ein fordel å vera rask på labben.

– Mange av turane og kursa var utselde lenge før festivalen i fjor, så ein bør nok ikkje vente til heilt innpå, konstanterar aktivitetssjefen.

Vinjerock.no

Dette er en pressemelding fra arrangøren. Foto: Iris Engen Skadal

Publisert 3. juni 2009 kl 11.35
Sist oppdatert 3. juni 2009 kl 11.35
 

Relaterte artikler

 

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen